Hopp til innhold

No er denne kåra til årets skip

Hybridskipet «Vision of the Fjords» hausta gjev pris under den internasjonale skipsfartsmessa i Hamburg i ettermiddag.

Det norske hybridskipet Vision of the Fjords er kåret til årets skip under den internasjonale skipsfartsmessa i Hamburg. Skipet er verdens første hybridskip i karbon. Med diesel og strøm går det lydløst i rute mellom Gudvangen og Flåm i Sogn og Fjordane.

VINNAR: Båten er den første av sitt slag, og har skapt stor begeistring.

– Det kjennest heilt fantastisk. Det er ei stor ære å få ei slik utmerking, seier administrerande direktør i The Fjords, Rolf Sandvik frå Hamburg.

Klokka 13 kunne han ta imot prisen Ship of the Year 2016 til stor jubel på den internasjonale skipsfartsmessa SMM i Hamburg i dag.

– Vi hadde ikkje i våre villaste draumar trudd at vi skulle bli utpeikte til noko slikt då vi sette i gang bestillinga av Vision of the Fjords. Så dette er ei enorm stadfesting om at vi er inne på noko nytt og at vi innoverer, seier Sandvik.

Stor grad av innovasjon

Bakgrunnen for prisen er å spreie informasjon om kompetansen og produktutviklinga i det samla norske maritime fagmiljø.
Graden av innovasjon og at skipet vert levert frå eit norsk skipsverft er to av hovudkriteria som juryen har lagt vekt på.

– Mykje av det vi bad om inn mot verftet då vi bestilte båten var ganske kravspesifikt når vi tenkjer på miljøet. Dei tekniske spesifikasjonane som vi bad om, var ikkje moglege i april i fjor, seier Sandvik.

Han held vidare fram at verftet Brødrene Aa i Hyen tok ein stor risiko då dei sette i gang med å byggje den 40 meter lange båten, utan å vite om ein klarte å nå krava.

– Men dei hadde trua. I samarbeid med mange andre har mange kloke hovud jobba tett gjennom heile året for å få Vision of the Fjords på fjorden, seier Sandvik.

Har hatt barnesjukdommar

Skipet er verdas første hybridskip i karbon, og kan gå på fornybar energi. 400 passasjerar får plass på båten, som går i rute mellom Gudvangen og Flåm.

Ifølgje Sogn Avis skal representantar for den norske regjeringa og Nærings- og handelsdepartementet vere til stades under utdelinga av prisen.

Sjøsettinga av båten måtte utsettast fleire gonger, og ein knapp månad etter første seglas gjekk alt av system om bord i svart. Turistane som kjem for å oppleve naturen i Sogn har også late seg begeistra over farkosten, som fraktar dei lydlaust kring på verdsarvfjorden.

Vision of the fjords i fint dirv på Sognefjorden.

SOGNEFJORDEN: Brødrene Aa i Hyen har designa og laga båten på oppdrag for selskapet The Fjords.

Foto: Sverre Hjørnevik