Hopp til innhold

Klar for utsleppsfri turisttrafikk

AURLAND (NRK): Den første heilelektriske turistbåten her i landet er no sett i rute i Nærøyfjorden. Med det er turistindustrien eitt steg nærare målet om nullutslepp innan 2026.

Future of The Fjords

UTSLEPPSFRI: «Future of The Fjords» er heilelektrisk og heilt utsleppsfri.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det er ei stor ære og ei glede å få invitere dykk alle om bord i framtida.

Slik ynskte ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), dei reisande velkomen om bord i den første heilelektriske turistbåten i norske fjordar. Førre veke vart den sett inn i vanleg rute mellom Flåm og Gudvangen – og har fått namnet «Future of The Fjords»

– No er framtida her. No har vi segla frå Flåm og inn til Gudvangen på rein vasskraft, og det er ein milepæl, seier Rolf André Sandvik, dagleg leiar i The Fjords.

Tidlegare har systerskipet, hybridbåten «Vision of The Fjords», vunne fleire prisar, men «Future of The Fjords» blir den første båten i Verdsarvfjorden som er heilt utsleppsfri.

Strenge utsleppskrav

Rolf André Sandvik, dagleg leiar i The Fjords.

MILEPÆL: Rolf André Sandvik er dagleg leiar i The Fjords.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

No skal det bli slutt på at eksosen frå små og store turistbåtar skal ureine i verdsarvfjordane. For nokre veker sidan vedtok Stortinget at verdsarvfjordane i Norge skal vera utsleppsfrie innan 2026, og at alle turistfjordar skal vera det same fire år seinare.

– No går Norge foran og syner veg. Og det finst ingen betre måte å gjere det på enn i verdsarvfjordane, der alle ser på norsk natur, seier Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar i Bellona.

– Dette tykkjer vi er eit tøft og modig vedtak av politikarane som syner ei retning. Dei vil noko. Samstundes så trur eg at dette også er ein gåvepakke til norsk verftsindustri i forhold til å drive utviklinga og framleis vere i førarsetet på utviklinga, seier Sandvik.

Storsamfunnet må også vere med

Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar i Bellona

NORGE GÅR FORAN: Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar i Bellona.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

I vedtaket er det også sagt at det skal lagast ein strategi for landstraum i cruisehamnene innan 2025. Han håpar det betyr meir enn ein plan på eit papir, ber staten bruka to milliardar på å få slike anlegg på plass i hamnene.

– Viss vi skal fortsette å ynskje velkomen cruiseskip inn i fjordane, så må storsamfunnet ta ansvar og vere med å finansiere landstraumanlegga, seier Paulsen.