Hopp til innhold

I dag fekk dei pris – no planlegg dei ny miljøbåt

Ikkje før har The Fjords hausta pris for årets skip 2016, før dei er i gang med å planleggje eit nytt spektakulært prosjekt.

Visions of the Fjord på testtur på Hyenfjorden

PRIS: Vision of the Fjords fekk onsdag pris for årets skip 2016.

Foto: Vendel Hausken / The Fjords

– Vi ønskjer å gå endå nokre steg vidare, så vi har utfordra oss sjølve igjen der vi ser på ein Vision 2, som kanskje blir endå meir spektakulær, både innanfor dei tekniske løysingane, men også innanfor design, seier administrerande direktør i The Fjords, Rolf Sandvik.

I dag kunne han ta i mot prisen Ship of the Year på den internasjonale skipsfartsmessa SMM i Hamburg. Det er magasinet «Skipsrevyen» som står for kåringa og Sandvik var svært nøgd då han tok imot prisen.

– Det kjennest heilt fantastisk. Det er ei stor ære å få ei slik utmerking, og det stadfestar at vi er inne på noko nytt og at vi innoverer.

«Vision of the Fjords» er verdas første hybridskip i karbon, og kan gå på fornybar energi. Fartøyet er bygd ved verftet til Brødrene Aa i Hyen.

Med dei nye planane kan dermed det som må seiast å vere ein av dei mest iaugefallande fartøya på norske fjordar komme til å få selskap på Nærøyfjorden.

Har hatt veksesmerter

– Det ligg litt inn i framtida, men for dei som kjenner historikken vår og veit kor kjapt vi kan snu oss rundt, så håpar vi å komme med nyhende i løpet av hausten, seier Sandvik.

Trass i pris, er det ikkje til å stikke under stol at «Vision of the Fjords» har hatt både veksesmerter og barnesjukdommar.

Mellom anna opplevde fartøyet i sommar ein fullstendig blackout der alt av elektriske system kortslutta. Og leveringa av fartøyet vart utsett mange gonger før båten til slutt kunne tøffe inn Nærøyfjorden.

-Vi har hatt kontroll heile vegen, og utsetjinga har på mange måtar vore ei stadfesting på at det vi driv med, er innovasjon. Då går det sjeldan etter plan eller kalender, seier Sandvik.

Har vore teknisk utfordrande

Han peikar på at dei løysingane ein har fått om bord på Vision of the Fjords har vore svært teknisk vanskeleg å få på plass.

– Ikkje minst fordi vi skulle oppfylle krav vi sjølve hadde sett både til driftsmønster og utslepp, seier Sandvik.

Han karakteriserer prisen som årets skip som svært viktig.

– Det er ei anerkjenning for den innovasjonen vi har vore med på i lag med Brødrene Aa, Sjøfartsdirektoratet og Det Norske Veritas om at vi er på rett veg, seier Sandvik.