Hopp til innhold

– Ingen har tenkt båt på denne måten før

– Det er eit radikalt, banebrytande design som kan bli ikonisk.

Vision of the fjords på Sognefjorden

FÅR PRIS: «Vision of the Fjords» kan verte ein eksportartikkel meiner juryen.

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge

Juryen brukar store ord om «Vision of the Fjords» då dei skal forklare kvifor den kjende turistbåten får Innovasjonsprisen for universiell utforming i kategorien transport. Prisen vert delt ut av Design og Arkitektur Norge (DOGA) tysdag på oppdrag for Barne- og likestillingsdepartementet.

I grunngjevinga til juryen heiter det vidare: «Båtens unike formspråk gir assosiasjoner til bølger… Den utvendige gangveien løser bevegelsesproblematikken på en innovativ måte. Motoren er en elektrisk, stillegående hybrid som også løser et økende støyproblem. Vision of the Fjords kan bli en eksportartikkel for norsk industri, i en voksende turistnæring som trenger miljøvennlig og stillegående transport.»

– Sjølvsagt for oss

Båten som trafikkerer turistruta Flåm-Gudvangen er bygd av Brørdene Aa i Hyen. I ei pressemelding skriv DOGA at mange sightseeingbåter verken er oversiktlege eller komfortable. Kampen om gode sete og utsiktsplassar kan øydelegge den gode opplevinga. For mange kan det vere vanskeleg å navigere i trange passasjar og bratte trapper. Dette har hyarane gjort noko med:

– Som byggar av passasjerbåtar har det sjølvsagt for oss å jobbe med universell utforming. Ofte er det snakk om små endringar som gjer ein stor skilnad for dei reisande. Vi opplever at dette vert sett stor pris på, både blant rørslehemma og funksjonsfriske, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar ved verftet i Hyen.