No skal «Visions of The Fjords» endeleg i rute

Det har blitt utsett fleire gonger, men til helga skal den nye turistbåten, som er verdas første i sitt slag, omsider frakte passasjerar på Nærøyfjorden.

Visions of the Fjord på testtur på Hyenfjorden

SNART I RUTE: Den 40 meter lange og 15 meter breie båten har vekt merksemd langt utanfor landegrensene

Foto: Vendel Hausken / The Fjords

Båten med namnet «Vision of The Fjords» vart verdskjend allereie før den vart sjøsett i mai. Etter planen skulle den i rute 1. juni, men to gonger har fristen blitt skuvd fram. No til helga skal det endeleg skje.

– Målet er at båten skal gå første turen på fredag frå Flåm til Gudvangen klokka 10.00 om morgonen, seier dagleg leiar Rolf Sandvik i The Fjords.

Måtte skrive om regelverket

Det har gått over eitt år sidan reiarlaget bestilte den unike båten hos Brødrene Aa, men ifølgje Sandvik var dei nok kanskje litt vel optimistiske då dei sette fristen til 1. juni.

– Dette er verdas første hybridskip i karbon, og det å byggje ein prototype er aldri heilt enkelt. Utsettinga på snart to månader er kanskje ikkje så ille, når ein ser på kva vi eigentleg har bestilt og kva vi kjem til å få.

Sjøsettinga av "Vision of The Fjords"

FJORD OG FJELL: Inspirasjonen bak designen er henta frå teikningane av ein fjellveg som snor seg i sikksakk opp fjellsida i Årdal.

Foto: Tor Arne Aasen, Samferdslefoto

Båten er så spesiell at den ikkje passa inn i dagens regelverk. Nye reglar har difor blitt skrivne undervegs, og dette er det einaste som no kan stikke kjeppar i hjula. For godkjenninga kjem først når korrigeringar er gjort og registrert. Men Sandvik har trua på at fredag blir dagen.

– Vi har utsett starten to gonger no, og fredag er den siste moglege oppstartsdatoen for at vi det heile skal kunne vise fram båten med ei viss form for legitimitet i marknaden.

Har gjort testar dag og natt

Turistbåten har blitt testa grundig dei siste månadane, først ved kai, og frå førre veke ute på fjorden. Særleg dei siste to døgna har det gått hardt arbeid føre seg, med mange turar til mellom anna Lote og Sandane.

– Det har gått veldig bra. Vi har brukt tida både på dagtid og nattetid her på Hyenfjorden og innover i fjordane her oppe. Det er svært breie glis å sjå, særleg frå mannskapet om bord, som både skal manøvrere og ha det tekniske om bord. Dei har kanskje fått noko som er endå betre enn det dei trudde, seier Sandvik.

"Vision of The Fjords", interiør

GOD PLASS: 'Vision of The Fjords' kan ta med seg 450 passasjerar.

Foto: Brørdrene Aa

Han gler seg enormt til å få båten til Sogn.

– Eg trur det er mange som får sin første gode nattesøvn på eit halvt år. Det er eit enormt steg for reiselivet, og ikkje minst for det vestnorske kulturlandskapet.

Ladestasjonen i Flåm er også så å seie ferdig, og i Gudvangen er det kome på plass ei mellombels løysing fram til den permanente løysinga mest truleg blir klar over helga. Båten kan gå på diesel, men målet er å unngå dette så langt det går.

Vision of The Fjords på testtur på Hyenfjorden

TESTTUR: Passasjerane får god utsikt utover fjorden. Her på Hyenfjorden.

Foto: Vendel Hausken / The Fjords