Hopp til innhold

– Nullutslepp i verdsarvfjordane er ikkje mogleg å innfri innan 2026

Ingen av cruiseskipa som blir bygde i dag er utsleppsfrie. Det kan gjere at cruisetrafikken uteblir frå verdsarvfjordane frå 2026, meiner direktøren i Cruise Norway.

Cruiseskipet Oriana på veg inn Aurlandsfjorden

VERNA: Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste. Kvart år besøker om lag 250 000 cruiseturistar den verna fjorden.

Foto: Jan Christian Jerving

Berre cruiseskip som er heilt utsleppsfrie kan segla i dei norske verdsarvfjordane frå 2026. Det vedtok Stortinget i mai.

I eit møte med klima- og miljøminister denne veka, fekk cruisenæringa kome med sine innspel. Dei seier nullutsleppskravet er umogleg å innfri.

– Kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane er ikkje mogleg å innfri innan 2026, slik reiarlaga melder tilbake til oss. Det er rett og slett ikkje teknologi tilgjengeleg som mogleggjer det, seier Inge Tangerås i Cruise Norway.

Ifølgje Tangerås er det om lag 120 cruiseskip som er bestilt og skal produserast fram mot 2027. Per i dag nytter alle desse fossilt brensel.

– Bransjen seier unisont i dag at dei ikkje vil ha nullutsleppsskip innan 2026. Dermed vil dei ikkje ha anledning til å gå inn verdsarvfjordane, seier Tangerås.

Eit alternativ å laste om passasjerar

Klima- og miljødepartementet jobbar med ein handlingsplan for grøn skipsfart som skal vere ferdig i 2019. Her vil tiltaket om utsleppsfrie verdsarvfjordar bli greidd ut.

– Vi veit at dette tiltaket er krevjande å møte for cruisenæringa, men vi avlyser ikkje stortingsvedtaket. Vi må forvente at det finst teknologi som kan ordne cruiseskipa slik at ein svarar på vedtaket, seier Atle Hamar, statssekretær i klima- og miljødepartementet.

Turistar i Flåm

TURISTMAGNET: Flåm trekker til seg turistar året rundt, men aller mest i sommarhalvåret, då det er cruiseanløp kvar dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hamar trur det er fleire løysingar som gjer det mogleg å innfri nullutsleppskravet.

– Sjå på Flåm. Der er dei leiande på å laste om passasjerane på eit punkt og over i Future of the fjords som kan gå heilelektrisk inn fjorden, seier han.

Bekymra ordførar

Ei løysing der cruisegjestane blir frakta inn verdsarvfjordane med mindre båtar, har ikkje ordføraren i Aurland tru på.

– Ein må ha enorm kapasitet om ein skal frakte alle passasjerane inn frå skip som ligg langt ute. Det er ikkje realistisk, seier ordførar Noralv Distad.

Cruisekaia i Flåm-Aurland tek imot om lag 250 000 cruiseturistar i året. Distad fryktar konsekvensane dersom cruisetrafikken forsvinn.

– Vi er redde for er at dersom ikkje cruiseskipa får gå til Flåm, så vil dei ligge andre plassar utan for verdsarvområdet og ta buss inn for å oppleve attraksjonane. Det er også forureinande og ikkje nokon god løysing, meiner han.

– Rein energi er framtida til fjordane

– Vi ønskjer at nullutsleppskravet skal bli innfridd, så det kan vere at vi må sjå på andre måtar å dirigere trafikken på, seier Arne Sandnes, leiar for verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Han nemner og alternativet medå frakte cruiseturistane inn verdsarvfjordane på mindre båtar.

– Der er mogleg å trafikkere verdsarvfjordane på heilt rein energi, og det trur eg også er framtida til verdsarvfjordane.