Badou
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogndal fotball

Oppsummert

Få siste nytt om Sogndal fotball. Har du tips? Send oss ein e-post på sf@nrk.no eller ei melding på Facebook.

Laster innhold, vennligst vent..
  • Sogndal signerte midtbanespelar

    Midtbanespelaren Tobias Bjørnebye har signert ein kontrakt med Sogndal som gjer han til Sogndal-spelar ut sesongen 2021, skriv klubben på heimesida si. Bjørnebye spelte for 21 kampar for Hødd førre sesong, på utlån frå Rosenborg. Han er son til ikkje ukjende Stig Inge Bjørnebye.

  • Ogbu blir med vidare

    Sogndal og Rosenborg er samde om ein ny utlånsavtale for forsvarsspelaren Igoh Ogbu (19). Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2020, og det er forhandla fram ein opsjon for framtidig kjøp om det skulle bli aktuelt. – Vi håpar og trur at han neste år vil ta nye steg og bli ein god sjef i forsvaret, seier ein nøgd trenar Eirik Bakke til Sogndal sine nettsider.

    Igoh Ogbu
    Foto: rbk.no