Hopp til innhold

Tore André Flo blir ny Sogndal-trenar

Veldig gledeleg, seier styreleiaren, som håpar dette vil få klubben til Eliteserien.

Tore Andre Flo

NY SOGNDAL-TRENAR: Fotballklubben stadfestar at Tore André Flo tar over jobben som ny hovudtrenar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Onsdag melde Sogndal Fotball at Tore André Flo blir ny trenar for klubben.

Fotballklubben og Tore André Flo er einige om ei avtale på tre år med oppstart frå og med nyttår 2022.

– Det er veldig gledeleg å lansere dette, seier styreleiar i Sogndal, Jan Rune Årøy.

Tore André Flo går frå jobben i Premier League-klubben Chelsea, mellom anna som talentutviklar. Han har i tillegg hatt ei assistentrolle i Noregs U21-landslag.

Førstevalet til Sogndal

Flo tar over jobben frå Eirik Bakke. Bakke gjorde det klart i august at han ikkje ønska å forlenge kontrakten som hovudtrenar for klubben.

Sidan Bakkes avgang har Flo vore Sogndals førsteval til jobben.

– Det er klart det har vore ein lengre prosess med utfordringar undervegs, men alt i alt positive samtaler, seier styreleiaren.

Jan Rune Årøy, Meklarhuset Sogn. Han er også styreleiar i Sogndal fotball.

NØGD: Styreleiar i Sogndal Fotball, Jan Rune Årøy, har sidan Eirik Bakke melde sin avgang jobba for å skaffe Tore André Flo til klubben.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han vil ikkje oppgi kva økonomiske kostnadar dette har kravd av klubben.

– Kva forventningar har de til Tore André Flo som trenar?

– Ikkje anna enn at han skal kunne tilføre oss nye ting og eventuelt få oss i det gode selskap i Eliteserien, seier han.

Sogndal ligg på ein femteplass i Obos-ligaen og kan moglegvis rykke opp til Eliteserien gjennom kvalifisering.

Tilfører optimisme

Flo både byrja og enda fotballkarrieren i Sogndal. Proffkarrieren i utlandet byrja då han vart henta til Chelsea frå Brann i 1997.

Siste comeback skjedde i 2011 då han signerte ein kontrakt med Sogndal Fotball, før han la opp siste gong sommaren 2012. Deretter har han vore i ulike assistentroller i Chelsea, samt Noregs U21-landslag.

– Han tar med seg ekspertise og impulsar frå toppnivå i Chelsea. Det kan samla oss som klubb etter eit turbulent år, seier leiar i supportarklubben Saftkokaradn, Øyvind Heimset Larsen.

Sogndal, i lag med mange andre norske fotballklubbar, har hatt eit uvanleg år med tomme tribunar i samband med pandemien, samt problemstillingar knytt til boikott av Qatar-VM. Fleirtalet i klubben røysta mot boikott.

1. november fall Sogndal-spelar Emil Palsson om med hjartestopp under kampen mot Stjørdals-Blink.