Hopp til innhold

Misnøye i fotballen: Toppspelarar blir brukt til å toppe fjerdedivisjonslag

Sogndal 2 rykka opp til 3. divisjon etter å ha brukt klubbens toppspelarar frå OBOS-ligaen på kamp. Det får fleire til å bli bekymra for framtida til breiddefotballen.

En som spiller fotball på Lersbrygga kunstgressbane.

SPELEGLEDA: Får seg ein knekk når David må møte Goliat i fjerdedivisjon, meiner mange i breddefotballen.

Foto: Tordis Gauteplass

Den 4. oktober tok Jølster i mot andrelaget til Sogndal i 4. divisjon i Sogn og Fjordane.

Men på den andre banehalvdelen stod fleire førstelagsspelarar frå Sogndal, blant andre toppscoraren til sogningane i OBOS-ligaen: Jónatan Ingi Jónsson.

Det er fullt lovleg å toppa laget på den måten.

Han og fleire andre spelarar frå førstelaget var med for å jakte poeng og mål på tampen av sesongen.

«Slakt kan bli døden»

Kampen enda 1–15 til bortelaget. Full slakt, altså.

Målfesten blei utslagsgivande for at Sogndal 2 rykka opp: Dei gjekk forbi Årdal i siste serierunde med fattige eitt mål betre målforskjell.

Neste år vil det i 2. og 3. divisjon bli mellom 25 og 27 andrelag i herrefotballen i Noreg.

– No byrjar det å bli så mange lag at ein må gjere noko snart. I verste fall kan det bli døden for breiddeklubbane om dei framover følar dei ikkje har kjangs til å rykke opp.

Det seier tidlegare Strømsgodset- og Vålerenga-keeper Adam Larsen Kwarasey til TV 2.

Eliteserien fotball: VIF - Stabæk

Adam Larsen Kwarasey fryktar dei mange andrelaga i verste fall kan verta døden for breiddefotballen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Årdal mista sjansen til å rykke opp på kostnad av Sogndal 2. Og i Jølster sit spelarane att med lite motivasjon etter 1-15-tapet for same lag.

– For vår del var det ikkje mykje glede i den kampen der. Vi blei regelrett rundspelt, seier spelar André Heggheim på Jølster.

Verken tilskodarar eller spelarar var overraska over resultatet. I staden for speleglede, vaks frustrasjonen over at regelverket tillét førstedivisjonsspelarar i kampar langt under eigen divisjon.

For Sogndal 2 braut ingen reglar ved å ta med seg spelarane.

– Sportsleg urettferdig

So lenge ikkje fleire enn tre av spelarane er over 22 år og spelarane ikkje har starta i siste kampen til førstelaget, er det i tråd med regelverket.

– Det er litt David mot Goliat med slike nivåforskjellar, seier Anne-Britt Drabløs Rekdal, eldsjel i fotballmiljøet i Selje og kontaktperson for A-laget til klubben.

Ho meiner det er problematisk at regelverket ikkje avgrensar kor mange nivå ned ein kan flytte spelarar.

Det ligg heller ikkje føringar for kor mange kampar ein må spele for andrelaget.

– Det kjennest så sportsleg urettferdig at eit lag som kjempar for å halde seg i kretsligaen skal møte so mange spelarar frå eit langt høgare nivå.

Ho er frustrert over at regelverket tillèt det og meiner det heile bryt med prinsippet om fair-play.

Alf Roger Lereng, sportsleg leiar for Årdal fotball, deler frustrasjonen.

– Reglane er heilt klart og tydeleg tilrettelagt for toppfotballen og ikkje breiddefotballen, seier Lereng.

Skeihallen

Skei Storhall: Heimebana til Jølster fotball

Foto: BJARTE STEINSUND

– Kjekt med gode gjester

Utviklingsleiar i Sogndal 2, Erling Ola Fykse, ser annleis på det.

– Mange synest det er kjekt at det kjem den typen spelarar på besøk. At dei får bryne seg mot toppspelarar. Me forskjellsbehandlar ikkje nokon av klubbane me møter, seier han.

Å bruke spelarar frå førstedivisjon bryt ikkje med fair-play so lenge det er innanfor regelverket til Norsk fotballforbund, meiner Fykse.

Les også Skal alle miste gnisten?

Lagkamerater feirer en scoring. Gutt: 12 år.

– Beste alternativ

Regelverket har blitt debattert fleire gonger.

Truls Dæhli, toppfotballsjef i Norges Fotballforbund (NFF), meiner at det ikkje finst eit betre alternativ enn å behalde andrelaga i seriesystemet.

Ulempene med å ha andrelag i serieligaen dag har fleire gongar blitt vekta mot fordelane.

– Det er viktig for norsk spelarutvikling at dei som er andrelagsspelarar i satsingsklubbar får ein best mogleg arena å spele på, seier Dæhli.

At det er langt frå første til fjerde divisjon, er ikkje eit ukjent fenomen.

– Dette blir utfordra veldig ofte og er ein gjengangar i norsk fotball, seier han.