Hopp til innhold

Emil Pálsson om hjartestoppet: – Eg var død i fire minutt

Ein kjensleladd Emil Pálsson var i dag tilbake på Fosshaugane. Han takkar for all støtte og omtanke.

WYxKuR90bQE

PREGA: Ein sterkt prega sogndalspelar møtte opp på Fosshaugane for å sjå kampen mot Stjørdals-Blink. Kampen blei sist avbroten etter at Emil Pálsson fekk hjartestans.

Foto: Christian Blom / NTB

– Eg er takksam for at eg lever. No er eg berre utruleg glad, seier Emil Pálsson.

Islendingen rosar klubben og hjelpemannskapet for all støtte og hjelp. Hadde hendinga skjedd nokon annan plass veit han ikkje korleis det hadde gått.

– Eg var død i omkring fire minutt, seier ein sterkt prega sogndalspelar, som ikkje hugsar mykje frå hendinga.

Trass grundige undersøkingar er det ikkje kjend kvifor han fekk hjartestans. No har islendingen fått operert inn ein hjartestartar.

Kva som vil skje med fotballkarrieren er han usikker på.

– Livet er meir enn fotball. No må eg sjå kva framtida vil bringe, seier han.

rmhZpXCr_U0

BERGA: Sogndalspelaren leverte blomar til hjelpemannskapet som berga livet hans.

Foto: Christian Blom / NTB

Tilbake på «same kamp»

Det vart brått dramatisk då den 28 år gamle islendingen kollapsa på bana 1. november i kampen mot Stjørdals-Blink.

I løpet av dei neste minutta blei fotballspelaren gjenoppliva på fotballbana og deretter frakta til Haukeland i luftambulanse.

I går vart Emil Pálsson skriven ut frå Haukeland, og i dag vil sogndalspelaren sjå den nye kampen mot Stjørdals-Blink frå sidelina.

Kampen vil halde fram frå tolvte minutt, med stillinga 1–0 til heimelaget.

Leiar for supportergruppa til Sogndal Fotball, Øyvind Heimset Larsen, lovar å gi 28-åringen frå Island ei oppleving han seint vil gløyme.

Palsson kollapset på Fosshaugane Campus.

HJARTESTANS: Sogndal-spelar Emil Pálsson fekk brått hjartestans tolv minutt ut i kampen mot Stjørdals-Blink 1. november.

Foto: Ola Weel Skram / Porten

Var med og redda både Pálsson og Torp

Ingeborg Elvagjeng i Hjelpekorpset var blant dei som sprang til då islendingen datt om førre måndag. Ho sette raskt i gang med hjartekompresjon.

Også for ti år sidan var ho med på noko liknande.

Då var det Brann-spelar Carl Erik Torp som fall om på same stadion, også han med hjartestopp.

Ingeborg Elvagjeng

TILBAKE: I dag er Ingeborg Elvagjeng tilbake på Fosshaugane som frivillig i Røde Kors Hjelpekorps.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det er litt spesielt at eg var med også den gong, for det er ikkje ofte slikt skjer. Der og då er det eit instinkt. Du tel og komprimerer, medan andre gjer innblåsingar, fortel ho.

At det gjekk bra begge gongene skildrar ho som ein enorm lette.

– Det hadde ikkje blitt det same å gå på kamp om vi ikkje hadde fått dette til, seier ho.

MØTTE PRESSA: Sjå opptaket av pressekonferansen med Emil Pálsson.