Hopp til innhold

Spelar dømt for promillekøyring: – Ei svært kjedeleg sak

Få dagar etter treningskampen mot Hødd vart Sogndal-spelaren stoppa med ein promille på 1,16 i Sogndal.

Dagleg leiar i Sogndal Fotball Lars Olav Hausberg

Dagleg leiar i Sogndal Fotball Lars Olav Hausberg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Spelaren erkjende hendinga då saka nyleg var oppe i tingretten.

Dagleg leiar i Sogndal Fotball Lars Olav Hausberg seier det er ei svært kjedeleg sak.

– Vi som klubb tek sterk avstand frå det som har skjedd. Det strir mot våre haldningar og verdiar, seier Hausberg.

– Ei personalsak

Spelaren må betale ei bot på 65.000 kroner og misser førarkortet i 23 månader. Fengselsstraffa på 14 dagar blir utsett med prøvetid på to år.

Hendinga blir handtert som ei personalsak og følgt opp internt.

Klubben vart klar over dommen då NRK ringde for kommentar. Leiinga i 1. divisjonsklubben har i dag hatt ein samtale med spelaren.

Hausberg seier at spelaren sjølv tek avstand frå hendinga og beklagar det som har skjedd.

– Han beklagar til bygda, supporterar, klubben og alle med hjarte i Sogndal for hendinga.

Utover at dei reknar saka som ei personalsak, ynskjer ikkje Hausberg å kommentere om hendinga får følgjer for spelaren.

Fosshaugane Campus, kampen mellom Sogndal og Ull/Kisa

Ein spelar i førstedivisjonsklubben Sogndal blei teken for promillekøyring i mars i år.

Foto: privat

Ønskjer ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med agenten til spelaren, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

Heller ikkje sportsleg leiar i Sogndal Fotball Håvard Flo ønskjer å gi ein kommentar.

NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med politiadvokat Trude Helen Flåten.