NRK Meny
Normal

Reinjakta jegerane ikkje ser noko glede i

HEMSEDALSFJELLET (NRK): Den omstridde villreinjakta i Nordfjella er inne i si mest intensive fase. – Det er med blanda kjensler vi gjer dette.

Den omstridde villreinjakta i Nordfjella er inne i si mest intensive fase.

SJÅ TV-SAKA: 30 jegerar går turnus for å skyte ned villreinstammen i Nordfjella. NRK var med eitt av laga.

Det seier jaktleiar og seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn, Petter Braaten. Sidan 7. november i fjor har tre statlege jaktlag køyrt over 18.000 kilometer på skuter for å følgje opp regjeringsvedtaket om å skyte ned villreinstammen i Nordfjella.

Dei har løyst over 850 skot og felt vel 650 dyr.

– Vi køyrer skuter i eit av dei vakraste naturområda i Norge. Det i seg sjølv er ei fin oppleving. Men å vite at du skal skyte ut ein flokk på fleire hundre dyr er ikkje forbunde med noko som helst form for glede, seier Braaten.

– Ser på som jobb

Jegerane har fått i oppdrag å felle villreinstammen for å hindre at skrantesjuka spreier seg.

Arbeidsdagen byrjar når solstrålane breier seg over dei kvitkledde viddene mellom Hallingdal, Indre Sogn og Hardanger.

Statlege jaktlag speidar etter villrein i Nordfjella.

SKUTERJAKT: Jegerane nyttar skuter til ei jakt mange har protestert mot. Men regjeringa har bestemt. Stammen på kring 2.200 dyr skal ryddast ut og på sikt erstattast av ein ny.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Det bles stiv kuling, men ti jegerar i kvite kamuflasjeklede tek til skuteren på jakt etter villrein. Ferda går langt inn i fjellheimen, eitt par mil sør for riksveg 52.

– Vi er nøydde til å sjå på dette som ein jobb, seier Braaten og ser ein villreinflokk på kring 50 dyr ta seg opp fjellsida.

2.200 dyr skal fellast

Ein av jegerane legg seg ned. Med lyddempar fyrer han av to skot. På det meste har det statlege jaktlaget felt 64 dyr på ein dag.

Til no er det påvist 12 tilfelle av den dødelege sjukdomen. Innan 1. mai skal jegerane ha gjort jobben, som både ser og høyrest brutal ut. Brutal er også sjukdomen som jegerane freistar å stoppe. Sjuke dyr tek ikkje til seg næring.

Petter Braaten

VURDERER: Jaktleiar Petter Braaten seier dei til ei kvar tid vurderer dyrevelferda til villreinen dei jaktar på.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Reinen jaktlag jaktar er godt vand med å bevege seg mykje, og manøvrerer seg raskt og lett gjennom terrenget. Men jegerane på skuter stressar flokken.

Mattilsynet har førebels ikkje uttala seg kritisk til måten jakta blir gjort på. Derimot er jegerar, Miljøvernforbundet og fleire ordførarar blant kritiske røyster. Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp) skildrar jakta som både dramatisk og brutal.

– Eg skjøner konklusjonen, men det er store utfordringar knytt til dette. Det er tusenvis av dyr som må bli slakta og frakta ut. Det er brutalt, sa han til NRK i april i fjor.

Vurderer dyrevelferda

Braaten seier at dei gir seg når flokken viser teikn til å vere sliten.

– Vi vurderer heile tida den dyrevelferdmessige etiske grensa for kor mykje vi kan presse. No har vi halde på nokre timar og skote ein del dyr, men det er klart at det blir bra for dyra å roe seg ned no, seier han.

– Men dei må forfølgast og dei må skytast om vi skal ha noko sjanse til å ta ut denne flokken, legg han til.

Kring halva att

Statleg jaktlag i sving på Hemsedalsfjellet.

HALVA: Dei statlege fellingslaga har så langt felt over 650 dyr i Nordfjella. Truleg er det kring like mange dyr att som må fellast innan 1. mai.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Grunna den snørike vinteren har dei fått tatt ut meir dyr enn venta. Saman med den utvida jakta tidlegare i haust, er over halvparten av stammen teken ut.

Braaten seier det er vanskeleg å slå fast eksakt kor mange dyr som er att.

– Vi prøver å få til ei teljing så raskt det blir gode nok forhold. Då vil vi fotografere flokkane og telje dyra, seier han.

– Kan det bli vanskeleg å ta ut alle?

– Det blir ei krevjande øving å garantere at det er tomt for dyr her. Det er det ingen tvil om.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.