Hopp til innhold

Ordførar meiner nedslakting av villrein er brutalt

Mattilsynets ber om rask nedslakting av all rein på Nordfjella. Det er både dramatisk og brutalt, seier ein av ordførarane i dei råka kommunane

Reinsdyr i kamp på Forollhogna

SKRANTESJUKE: Mattilsynet vil ha rask nedslakting av sjukdomsråka rein.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Eg skjøner konklusjonen, men det er store utfordringar knytt til dette. Det er tusenvis av dyr som må bli slakta og frakta ut. Det er brutalt, seier Jan Geir Solheim (Sp) som er ordførar i Lærdal kommune.

Mattilsynet meiner at det er viktig å gjennomføre ei rask nedslakting av villreinstammen i løpet av eitt år.

Det er den dødelege prionsjukdommen skrantesjuke (Chronic Wasting Disease (CWD)) som er bakgrunnen for den dramatiske avgjerda. Kommunane rundt Nordfjella har følgt situasjonen med djup uro.

– Det er veldig dramatisk no. Brevet bekreftar at dramatikken kan auke om det kjem fleire dyr som er smitta utanfrå. Eg tør nesten ikkje tenke på konsekvensane, seier Solheim.

Møter landbruksministeren på måndag

Politikarane i dei råka kommunane rundt Nordfjella skal på måndag møte landbruks- og matminister, Jon Georg Dale (Frp), for å diskutere kva dei skal gjere vidare. Solheim vil ta opp fleire ting med ministeren.

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

DRAMATISK: Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim meiner situasjonen for villreinstammen på Nordfjella er dramatisk.

– Det viktigaste er knytt til finansiering, då dette er dyrt og komplisert. Eg vil snakke om tal prøver vi skal få inn i 2017. Vi må strekke oss lenger, noko som vil utfordre kapasiteten-

Sjukdommen vart i fjor påvist på tre villreinar i Nordfjella, eit område som ligg i fjellheimen mellom fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane. Villreinstammen i Nordfjella var vinteren 2017 på rundt 2200 dyr. Ifølge Mattilsynet er det ingen garanti for at rask nedslakting av dyra vil vere med på å utrydde sjukdomen.

– Mattilsynet meiner at det kan forandre seg fort, men det er viktig å få inn flest mogleg prøver. Eg er bekymra for korleis vi skal gjere dette, seier Solheim.

Det er Landbruks- og matdepartementet som skal ta den endelege avgjerda.