Hopp til innhold

– Bør forske på levande dyr, ikkje døde

Forskarane ber om 25 millionar kroner til å finne ut korleis skrantesjuke smittar og spreier seg. – Då bør delar av villreinstamma i Nordfjella sparast, meiner skrantesjuke-koordinator.

Reinsdyr skoten

UTRYDDING: Innan første helga i desember var 315 villrein avliva, ifølge Statens naturoppsyn. No vil forskarane ha pengar til forsking på skrantesjuke, etter at stammen er slakta ned.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det er Veterinærinstituttet og NINA som ber om pengar til meir forsking på skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD), i eit innspel til landbruks- og miljøverndepartmenta om statsbudsjettet 2019.

Mellom anna ønsker forskarane å finne ut kvar sjukdomen kjem frå, korleis den spreier seg, og korleis dei kan ta prøver av hjortedyra utan å ta livet av dei først.

– I og med at staten brukar store ressursar på å bli kvitt skrantesjuke, så er vår klare anbefaling at det blir følgt opp med forsking. Vi må handle medan vi kan, seier administrerande direktør Norunn Myklebust i NINA.

Saman med Veterinærinstituttet ber ho Staten løyve 25 millionar til forsking dei neste åra.

Olav Strand og Lars Nesse

KRITISK: CWD-koordinator Lars Nesse i Lærdal kommune.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det får CWD-koordinator Lars Nesse til å reagere.

– Då er det logisk at dei sparar noko av villreinstamma i Nordfjella. Det bør vere att dyr å forske på, meiner Nesse.

Døde dyr

Staten utryddar no villreinstamma i sone 1 av Nordfjella for å få bukt med den smittsame prionsjukdomen. Til saman skal 2 200 villrein fjernast innan 1. mai 2018.

Nesse meiner styresmaktene må tenkje seg om.

– Set dei i gang slik forsking, bør dei ha dyr gåande i området. Det er vanskeleg å få ny kunnskap om skrantesjuke, og verknaden av den, om dei fjernar alle dyra, meiner han.

Myklebust i NINA seier dei ikkje ønsker å gå i rette med nedskytinga.

– Vi følger prosedyrane som er lagt. Materiale frå avliva dyr blir samla inn og vi kan bruke det i forskinga.

– Men er det ikkje logisk at det bør vere att dyr å forske på?

– Utgangspunktet vårt er å jobbe fram meir kunnskap. Så får styresmaktene handtere situasjonen i fjella, seier Myklebust.

Administrerande direktør Gaute Lenvik i Veterinærinstituttet er samd. Han seier at det samla materialet dei får inn frå dei felte dyra, er tilstrekkeleg for å gjere den forskinga dei ønsker.

– Det som skjer i Nordfjella handlar om kampen mot ein sjukdom. Vi har behov for økt kunnskap om CWD, men førsteprioritet er å handtere situasjonen og hindre spreiing, seier Lenvik.

Hentar ut skrantesjuk villrein

AKSJON: Villrein med påvist skrantesjuke blir pakka inn.

Foto: Petter Braaten/SNO

Inn i kve

Lars Nesse meiner likevel at det er ein fordel å forske på levande dyr.

– Til dømes om kor lang tid det går frå dyret er smitta til sjukdomen gjev utslag i hjernen. Det er det ingen som veit i dag.

Han dreg fram eit eksempel:

– Det vart påvist skrantesjuke på ein radiomerka reinsdyrbukk i mars. Den var bedøva og prøvar vart tekne ut av endetarmen. Då prøvane viste seg positive, spora dei opp att bukken – og avliva den.

– Men bukken må jo ha vore interessant å forske på. Den burde vore sett inn i eit kve, seier Nesse.

.