Hopp til innhold

Miljødepartementet ber Aurland kommune ta grep

Aurland kommune ser ikkje behovet for nye luftmålingar. Det er Klima- og miljødepartementet slett ikkje enige i.

Cruiseskipet Britannia på veg til kai i Flåm

EIN GJENGANGAR: 30. mai kjem 330 meter lange Britannia på ny seglande inn fjorden, mot kai i Flåm. Korleis turisttrafikken påverkar lufta i det verna område vert førebels ikkje målt.

Foto: Jan Christian Jerving

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Trass i at cruisekaia i Flåm tek i mot over 150 cruiseskip denne sesongen, har kommunen ingen planar om å føreta målingar av luftkvaliteten i det verna området. Det er ikkje god nok, meiner Klima- og miljødepartementet.

– Mi oppmoding er at ein tek tak i dette og målar luftkvaliteten, seier statssekretær Atle Hamar (V).

Hamar viser til at cruisetrafikken er venta å vekse framover, og at det då er særdeles viktig å følgje med på luftkvaliteten i områda.

ATLE HAMAR

TA GREP: – Eg meiner det er viktig at kommunane tek tak i dette og følgjer med på forureininga lokalt, seier statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet.

Foto: Vegard Fimland / Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Kommunane er eigar av hamnene og har eit dedikert ansvar for det som skjer rundt cruiseaktiviteten inne i verdsarvfjordane. Vi kan ikkje ha ein aktivitet som i større grad aukar forureininga i verdsarvfjordane.

I mai i 2017 kom ein statleg rapport som synte at utslepp frå gamle cruiseskip i periodar bidreg til helsefarleg luftkvalitet i dei to verdsarvområda Flåm og Geiranger.

Ventar på tydelegare beskjed

Medan det i Geiranger har vore målingar av luftkvaliteten sidan 2015, meinte ordførar og styreleiar i Aurland hamn, Noralv Distad, at analysar gjort av Sjøfartsdirektoratet i 2017 var nok. Oppmodinga frå departementet er Distad avventande til.

– Det er litt uklart korleis vi skal oppfatte det. Viss staten pålegg oss å gjere målingar skal vi sjølvsagt det, men då er det mogleg dei må bidra med finansiering.

Noralv Distad

ORDFØRAR OG STYRELEIAR: – Aurland hamn har gjort enkle målingar av nitrogenoksid på kaia i Flåm, seier Noralv Distad.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Vil ikkje eigne sjølvstendige luftkvalitetsmålingar uansett gje verdifull kunnskap her og no, og i framtida vise om tiltaka har effekt?

– Det kan vere. I Geiranger ser ein vel at når det gjeld svevestøv så har utsleppa gått noko ned. Så det kan vere at det er ei positiv utvikling på gong fordi det har blitt strengare krav til skipa, seier Distad.

Trur på strengare regulering

I slutten av mai kjem Sjøfartsdirektoratet med konkrete forslag til korleis få ned utsleppa i verdsarvfjordane. Det er knytt store forventningar til forslaga, som skal ut på høyring.

Eit av dei varsla tiltaka er å redusere farten for å redusere utsleppa. Statssekretæren varslar alt no ei framtid med skjerpa krav.

– Eg trur vi framover kanskje må inn i verdsarvfjordane og setje ei strengare regulering på kor stor veksten og cruiseaktiviteten skal vere.

Også Distad er positiv til tiltak som reduserer luftforureining og utslepp, men han åtvarar mot forskjellsbehandling.

– Det vil vere svært uheldig om ein plukkar ut enkeltområde. Då vil skipsfarten berre bli flytta til andre område, og du vil ikkje få nokon reell miljøgevinst, og vi vil tape inntekter. Det er ingen god modell.