Hopp til innhold

Rapport: Lufta i Flåm og Geiranger er i periodar helsefarleg

Ein ny statleg rapport syner at utslepp frå gamle cruiseskip i periodar bidreg til helsefarleg luftkvalitet i Flåm og Geiranger.

Flåm med to cruiseskip

FLÅM: I dag følger cruisenæringa reglane til IMO, FN sin organisasjon for sjøfart. Noreg har ingen særskilde krav til reinseteknologi for skip som besøker norske hamner.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Sjøfartsdirektoratet foreslår strengare krav til skip i som skal ferdast i norske farvatn.

Berre denne veka i overgangen mellom mai og juni besøker seks cruiseskip hamna i Flåm, inst i Aurlandsfjorden. Av dei er fem av skipa bygde før 2000.

Dei gamle skipa bidreg til at luftforureininga i Flåm og Geiranger i periodar i høgsesongen kan vere farleg for helsa til folk, konkluderer Sjøfartsdirektoratet med i ein rapport.

Då dei vart bygde før tusenårsskiftet gjaldt ikkje dagens krav til reinseteknologi for utslepp.

Det er utslepp av NOx (nitrogenoksid) som bekymrar sjøfartsdirektoratet mest. Det er den same gassen som gir høg luftforureining i byane om vinteren.

– NOx er ein gass vi er ekstra på vakt for fordi den kan vere ein helsefare for astmatikarar og hjarte- og lungesjuke, fortel Bjørn E. Pedersen i sjøfartsdirektoratet.

Av 141 anløp av cruiseskip i hamna i Flåm denne sesongen, er halvparten bygde før 2000.

Etter 2000 har det kome fleire innstrammingar i krava til reinseteknologi for nye skip som blir bygd.

Skip som er bygd før 2000, treng ikkje følge krava som er komne etter dei vart bygde. Det gjeld 65 prosent av skipa som kjem til Geiranger og Flåm, viser Sjøfartsdirektoratet sin rapport.

.

Flåm stasjon med turistar

TURISTAR: Folk kjem frå heile verda for å oppleve den norske naturen.

Foto: Merete H. Høidal / NRK

Vil opne for betre skip med høgare krav

Næringa vil tilpasse seg dersom vi strammar inn utsleppskrava til cruiseskipa, trur Bjørn E. Pedersen frå Sjøfartsdirektoratet.

Det er allereie innført krav for maksimalt svovelinnhald i eksosen på skip, opp til 62. breiddegrad. Reiarlaga har investert millionar for å møte dei krava, seier Pedersen.

– Cruisenæringa er ei næring som vil og kan endre seg. Men når det ikkje blir stilt krav og dei står fritt til å velje. Då vel dei det som er gunstig for dei.

– Om vi stiller ekstra krav til å kome inn i indrefileten i fjordane i Norge vil vi halde oppe same inntening, men det blir kanskje litt dyrare og meir betalingsvillige kundar. Og dei finst.

Fakta på bordet

Det ligg kvite skyer etter cruiseskipa på veg inn fjordane. På dei nyare skipa er det meir vassdamp i utsleppa, sidan nyare reinseteknologi kan fjerne opp mot 85–90 prosent av NOx-utsleppa.

Men berre ein fjerdedel av skipa som kjem inn i verdsarvfjordane har den nyaste teknologien på plass.

– Når det gjeld å få miljøvenleg skipsfart vil det ta tid. I rapporten er det fokus på det som er eit akutt problem, altså utslepp av NOx og partiklar, fortel Pedersen.

Cruise Norway er medlemsorganisasjonen for norske hamner og selskap i næringa. Dei meiner det er viktig å ha eit lengre tidsperspektiv på innføring av nye krav, meiner direktøren.

– Vi ynskjer å ha ein grønast mogleg industri. Men vi må gjennomføre det med realisme, og få det til saman med industrien. Dei eldste skipa som har synleg røyk kan vi godt bli kvitt, seier Sandra Diana Bratland.

Geiranger

Cruiseturistar er den turistgruppa som genererer mest klimagassar på ein ferie, viser berekningar Vestlandsforskning gjorde i 2011. Nokre av tiltaka Sjøfartsdirektoratet forslår vil også kutte i klimagassutsleppa, som å redusere farten.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen