Lufta i Flåm og Geiranger er i periodar helsefarleg, slo ein rapport fast i mai i fjor. Men trass i at 157 cruiseskip, og eit stort tal turistbåtar, vil legge til kai i Flåm i år, vil ikkje hamnevesenet måle luftkvaliteten i området.
– Det kan eg nesten ikkje forstå. Det bør dei prioritere snarast råd, seier dagleg leiar Erling Oppheim i Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er begge på UNESCO Verdsarvliste, altså mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Rapporten i fjor, var eit skot for baugen.
– Det er mange som har høgare forventningar til området vårt, enn det vi ser ut til å kunne levere, seier Oppheim.
Blårøyk og svevestøv
I Geiranger er måling av luftkvaliteten sett på dagsorden. At naboen i sør ikkje vil ha eigne luftmålingar, synest direktør Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er merkeleg.
– Eg meiner det er kunnskap ein ikkje har råd til ikkje å skaffe seg.
Ho meiner luftmålingane gjev viktig kunnskap for å finne dei mest målretta tiltaka. Styreleiar i Aurland Hamn lener seg på utrekningane Sjøfartsdirektoratet gjorde i samband med rapporten.
– Eg har tillit til at Sjøfartsdirektoratet kjem med gode analysar, seier Noralv Distad.
– Er det kostnadane som gjer at de ikkje ønskjer å gjennomføre eigne luftmålingar?
– Nei. Viss det er behov for nye analysar så skal vi sjå på det. Det er ikkje nokon uvilje mot å få fakta på bordet.
I Geiranger har ein ny rapport nyleg slått fast at nivåa av svevestøv i periodar er så høge at dei er helseskadelege.
Kan ikkje love betring denne sesongen
– De er periodevis så høye at de vil kunne øke forverring av sykdom hos dem som har en eksisterende sykdom i luftveiene eller har en hjerte- og karlidelse ... Derfor bør det gjøres tiltak for å redusere luftforurensningen i dette området i turistsesongen, skriv fagdirektør Toril Attramadal i Folkehelseinstituttet i eit brev til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
Direktør Katrin Blomvik er slett ikkje fornøgd.
– Vi meiner dette er heilt uhaldbart. For kvart einaste år og sesong som går utan at vi klarar å rydde opp i dette, vert omdømme vårt skadelidande, seier Blomvik.
Direktøren meiner Stranda kommune ikkje har gjort alt dei kan for å få ned utsleppa.
– Det har ho nok heilt rett i. Meir kunne vore gjort, vedgår ordførar Jan Ove Tryggestad.
Det vert arbeidd med ny reguleringsplan for Geiranger, løysingar for å unngå trafikkorkar på land vert vurdert, men dette tek tid.
– Eg kan ikkje love at miljøfokuset har gitt dei store resultata, i alle fall ikkje for sesongen 2018. Men eg er rimeleg sikker på at vi klarar å gjennomføre tiltak i åra som kjem, seier ordføraren.
Folkehelseinstituttet skriv at for nitrogendioksid, svoveldioksid, karbonmonoksid og ozonnivå ligg nivået på målingane under luftkvalitetskriteria.
– Eg oppfattar ikkje at det er farleg å vere i Geiranger, seier Tryggestad.