Hopp til innhold

Lågare fart gir mindre ureining i fjordane

Dersom fartsgrensa for skipstrafikken vert sett til maksimalt åtte knop, vil det redusere utsleppa med 19 prosent i Geirangerfjorden og 10 prosent i Nærøyfjorden.

MS Spitsbergen og MS Lofoten

FOR FULL FART: Sjøfartsdirektoratet har analysert farten til blant andre hurtigruteskipa som i periodar av året er innom verdsarvfjordane. Dette biletet er frå Geirangerfjorden.

Foto: Stein Lillebo / Hurtigruten

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er konklusjonen i ein fersk rapport frå selskapet DNV GL. Det er Sjøfartsdirektoratet som har bestilt rapporten i samband med arbeidet med å få utsleppa i verdsarvområda.

Bjørn Pedersen

VIL HA FARTSGRENSE: Avdelingsdirektør i Sjøfarstdirektoratet, Bjørn Pedersen.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

– Det var større effekt enn eg hadde forventa. Vi var rimeleg klare over at dette vil ha ein positiv effekt, men når den er så tydeleg er det gledeleg, seier avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Bjørn Pedersen.

Trur ikkje skipa vil setje opp farten

Sjøfartsdirektoratet arbeider med fleire mogelege tiltak for å få ned utsleppa frå skipstrafikken i dei kjende og populære verdsarvfjordane.

Selskapet DNV GL har analysert inn- og utseglingane til alle cruise- og hurtigruteskip som besøkte verdsarvfjordane mellom januar 2016 til og med oktober 2017.

At skipa kanskje set opp farten ekstra for å ta igjen tapt tid utanom verdsarvområda uroar ikkje Pedersen.

– Den differansen er så liten at den nærmast er uvesentleg. Det er jo avgrensa lengd på verdsarvfjordane, så om skipa må ta igjen nokre minuttar når dei kjem ut av dei tronge fjordarmane vil det med tanke på miljøet ikkje gi det store utslaget.

Vil tilrå fartsgrense

I dag held skipa inn Sunnylvsfjorden til Geiranger mellom 14 til 16 knop. Størst utslag vil det gje om farten vert sett ned til om lag åtte knop. For Nærøyfjorden sin del viser utrekningar at dersom fartsgrensa vert sett ned til åtte knop, vil det føre til 680 tonn mindre CO₂-utslepp og 10 tonn mindre utslepp av nitrogenoksider. Drivstofforbruket vil bli redusert med 175 tonn, berre i juni til august. Med så tydelege gevinstar, vil Pedersen tilrå å innføre ei fartsgrense.

– Eg er rimeleg trygg på at vi kjem til å tilrå at dette vert gjort, seier han.

– Kva slags fartsgrense vil de då tilrå?

– Ein stad mellom åtte og 12 knop, trur eg, seier Pedersen.

Det er dei ulike hamnevesena saman med kystverket som til slutt avgjer fartsgrensa.

Ordføraren: – Farten er alt redusert

Ordførar og leiar av Aurland hamnestyre, Noralv Distad (H), seier han ikkje har lese rapporten enno. Han syner til at det er få cruiseskip som går inn Nærøyfjorden. I tillegg er det alt i dag fartsrestriksjonar i deler av fjorden for å unngå at kulturminne langs strendene ikkje skal verte vaska bort på grunn av bølgjene.

Noralv Distad, ordførar i Aurland

LEIAR I HAMNESTYRET: Ordførar Noralv Distad (H).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi vil sjå på forslaget og grunngjevinga. Eg forstår det er snakk om tiltak for å redusere luftforureining og det er jo viktig. Men samstundes er vi opptekne av at endringar av regelverk ikkje vert gjort på ein måte som gjer at problema vert flytta over til andre fjordar. Så lenge fartsreduksjonen ikkje går utover mengda på trafikk og verdiskapinga i området er vi sjølvsagt positive til det, seier Distad.