Hopp til innhold

Hans Anders har fått drøyme-arbeidsveke på Mission Impossible

JØLSTER (NRK): – Det er veldig tøft, eg hadde ikkje forventa å vera med på noko slikt, seier Hans Anders Gjerland.

Sjå TV-saka frå Vestlandsrevyen.

Han er elev på Vassenden skule i Jølster. I dag reiste han frå Jølster i Sunnfjord til Rogaland for å ha arbeidsveke på settet til Mission Impossible 6 på Preikestolen.

Hans Anders Gjerland

ARBEIDSVEKE: Hans Anders Gjerland trur det kunne vore kjekt å vera pilot, og gler seg til å vera med i helikopter under innspelinga.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Spesiell jobb

Øystein Skovro frå Nord Helikopter skal ha med seg ungdomsskuleeleven i helikopteret. Han har hatt med seg praktikantar før, men aldri på noko slikt.

– Det er spesielt at det er ein så stor jobb, seier Skovro.

Preikestolen vert stengd i ni døger for å spela inn sluttsena til filmen. Rekvisita og mellom 120 og 200 menneskje skal verta flydd opp og ned kvar dag, og dei skal bygga ei sene oppe på platået. I tillegg til ti helikopter skal det også vera fleire dronar i lufta.

Veit lite

Gjerland veit lite om kva han skal gjera på førehand. For det meste skal han vera med for å sjå kva Skovro og dei andre pilotane gjer der. Han ser fram til å få fly mykje helikopter.

– Det kunne vore artig å vera pilot, så det vert kjekt å vera med å sjå kva dei driv med, seier Gjerland.

Flaks att det klaffa

Innspelinga på Preikestolen skulle eigentleg starta i september, men fordi hovudrolleinnehavar Tom Cruise skada seg på ei innspeling i London vart den utsett. Hans Anders skulle eigentleg vera med Skrovo på ein anna jobb.

– Det er berre flaks at det klaffa slik at han vart med no, seier Skrovo.

Hans Anders Gjerland før avreise i helikopteret

KLAR TIL INNSATS: Hans Anders Gjerland og Øystein Skovro er klar for avreise til Preikestolen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Mykje dei ikkje kan seie

Det er mykje hemmeleghald rundt innspelinga. Dei må begge skrive under papir på kva dei kan ta bilete av og kva dei kan seie. Skovro trur det er mykje dei må halda hemmeleg fram til filmen har premiere.

– Det er jo litt artig at eg får veta slikt som ikkje alle får greie på. Det er tøft, seier Gjerland før avreise.

Preikestolen

PREIKESTOLEN: Tom Cruise skal klatra i den stupbratte Preikestolveggen under innspelinga.

Foto: Paul Kleiven / NPK