Normal

Minedykkarar måtte sprenge mine i Sognefjorden

Det er over 70 år sidan andre verdskrigen, men stadig dukkar det opp farlege spor frå krigstida. Berre langs kysten av Noreg ligg det mellom 30.000 og 40.000 miner.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå video frå då forsvaret sprengte mina ved Rutledal i Sognefjorden.

Ingen har total oversikt over kvar eksplosiva frå krigen ligg, men det er anslege at 80 prosent av dei blei dumpa i havet.

Det fekk eit forskingsskip i Sognefjorden merke, då dei i førre veke fekk ei sjømine i trålen. På torsdag var minedykkarar på plass ved Rutledal i Gulen for å sprenge den.

– Det ligg nok fleire tonn med sprengstoff på botnen av Sognefjorden, seier skvadronmeister i minedykkarkommandoen, Jon Lauritzen.

Mina i Sognefjorden var engelsk og stamma frå andre verdskrigen. Ifølgje ein rapport frå Justis- og beredskapsdepartementet kan det vere så mykje som 200.000 tonn med eksplosiv igjen i norsk natur etter krigen.

Funnet gjorde at forskingsbåten «Kristine Bonnevie» måtte sette både forskarar og studentar i land, medan personell frå militæret fekk uskadeleggjort mina og senka den.

Mine ombord på Kristine Bonnevie

ENGELSK MINE: Det var ei engelsk mine frå krigen som dukka opp i Sognefjorden på forskingsskipet «Kristine Bonnevie».

Foto: Kjell Ove Sandøy / Havforskingsinstituttet

– Nokre finn eksplosiv som dei berre kastar ut att

Ei 100 meter høg vassøyle markerte den trygge detoneringa av sjømina i Sognefjorden. Etter detoneringa blei området rundt i fjorden dekka av grått skum og fisk med buken opp. Frykta er at ein båt kjem til å sleppe ankeret sitt på ei mine.

– Får dei ligge i fred, så skal det gå bra. Finn folk noko, så må dei ringe politiet, seier Lauritzen.

Det er forsvaret si oppgåva å sprenge miner og andre eksplosiv som folk finn ute i naturen. Skvadronmeisteren i minedykkarkommandoen er uroa for at ikkje alle melder frå om funn.

– Vi får beskjed om dette ein eller to gonger i året, men det er garantert mørketal der ute. Nokre får eksplosiv i trålen som dei berre kastar ut att. Det kan vere livsfarleg, seier Laurtizen.

Mine

PÅ OPPDRAG I SOGNEFJORDEN: Forsvaret sin minedykkarkommando måtte på oppdrag i Sognefjorden etter at ein forskingsbåt fekk ei mine i trålen.

Foto: Oda Linnea Brekke Iden/ Sjøforsvaret, Oda Linnea Brekke Iden/ Sjøfors
Vegopning på Bergum i Førde kommune