Drog opp mine med 130 kilo sprengstoff

Forskarar og studentar på tokt i Sognefjorden fekk ei mine med 130 kilo sprengstoff i trålen. Langs heile norskekysten ligg det att store mengder miner frå andre verdskrig.

Mine ombord på Kristine Bonnevie

FRÅ ANDRE VERDSKRIG: Onsdag fekk forskingsbåten Kristine Bonnevie ei engelsk mine i trålen.

Foto: Kjell Ove Sandøy / Havforskingsinstituttet

Denne veka har studentar og forskarar frå Havforskingsinstituttet vore på tokt i Sognefjorden med forskingsbåten Kristne Bonnevie. Då dei drog opp trålen på onsdag, hadde dei fått ein noko spesiell fangst. Ei mine frå andre verdskrig.

– Ifølgje forsvaret var det ei engelsk mine. Den inneheldt ca. 130 kilo sprengstoff, men det sprenger jo ikkje utan ein tennladning. Denne mina var batteridriven og batteriet var dødt for lenge sidan, seier Per Wilhelm Nieuwejaar, rederisjef ved Havforskingsinstituttet.

Måtte gå i land

Likevel måtte dei ta alle omsyn etter å ha fått mina om bord. Politiet vart varsla, og personell frå forsvaret kom raskt til Rutledal for å uskadeleggjere mina.

Forskarane og studentane blei sette i land, og etter at mina var uskadeleggjort, blei ho senka i fjorden på om lag ti meter, vest for Rutledal i Gulen.

Nieuwejaar har ikkje opplevd ein liknande situasjon i sine 18 år ved Havforskingsinstituttet, men han er ikkje overraska over funnet.

– Ifølgje Sjøforsvaret så ligg det ganske mange av desse rundt om på kysten. Utløpet ved Sognefjorden vart kraftig minelagt rett før 9. april 1940. Så at dette skjer er inga overrasking, seier han.

Store mengder sprengstoff

– Det er ikkje så vanleg at fartøy får miner i trålen, men det skjer frå tid til annan. Det er meir vanleg at fritidsdykkarar melder inn til oss om funn av miner, seier Bjørn Tore Vågenes, sjef for 1. mineryddarskvadron i Sjøforsvaret.

Ifølgje Vågenes ligg det mellom 30 og 40 000 miner langs kysten av Noreg. I Sogn og Fjordane er det to større minefelt, ved innseglinga til Måløy og ved utløpet av Sognefjorden.

– Det er snakk om store mengder med sprengstoff og kan vere farleg. Ei mine må alltid vurderast av folk med spesialkompetanse.

Vågenes seier at Sjøforsvaret kontinuerleg driv med kartlegging av minene langs kysten av Noreg.

– Å ha god kunnskap om dei norske farvatna er viktig. Vi gjer eit kontinuerleg arbeid for å ha god oversikt og kontroll med dei ressursane vi har, seier han.

Dei siste vekene har mellom anna Nato vore på mineryddingsaksjon langs Mørekysten.

Sprenger mine utenfor Måløy

STORE KREFTER: Ei UMA kuppelmine med 220 kilo ladning vart destruert i Haramsfjorden nord for Ålesund førre veke.

Foto: privat