Hopp til innhold

Tenåringar frikjende for overgrep: – Dette er ei sak med berre taparar

Jenta meinte ho blei utsett for eit seksuelt overgrep på ein fest. Saka har splitta og vore som «ein verkebyll i eit stort ungdomsmiljø».

Advokat Ivar Blikra

Ivar Blikra forsvarte jenta som stod tiltalt i overgrepssaka. Blikra seier saka har blitt etterforska breitt og at saksbehandlinga har vore rask.- Det er viktig i saker med så unge involverte. No er det viktig for dei å kome seg vidare, seier Blikra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

  • Nettsaka er oppdatert tysdag 11. juli kl. 09.30. Den fornærma i saka låg i sofaen, i fanget til si seinare tiltalte veninne, då den tiltalte guten sette seg ned.

Torsdag fall dommen mot to tenåringar i ei overgrepssak i Sogn og Fjordane tingrett.

Guten var tiltalt for seksuell omgang med nokon som ikkje var i stand til å setje seg imot dette. Jenta var tiltalt for psykisk medverknad til hendinga.

Fornærma var ei anna ung jente i det same ungdomsmiljøet.

Dei to tiltalte gjekk fri i saka. Dei må heller ikkje betale erstatning til fornærma.

Støtteadvokaten til jenta, Thore Heggen, har ingen kommentar til dommen. Det har heller ikkje politiadvokat Sissel Kleiven.

Den tiltalte jenta sin advokat Ivar Blikra, seier følgande:

– Dette er ei sak med berre taparar og ingen vinnarar, seier han.

«Fraus» til då hendinga skjedde

Hendinga skjedde på nachspiel ei laurdagsnatt i fjor haust, der fleire ungdommar var samla i ei stove.

I ein sofa låg den fornærma jenta i fanget til den tiltalte veninna, då den tiltalte guten sette seg ned ved sidan av henne.

Fornærma forklarte i retten at ho var full og svært trøtt og at ho ikkje merka kven som sette seg ned ved sidan av henne.

Guten har derimot sagt at dei fekk blikkontakt og at ho smilte til han.

Han byrja å ta på fornærma, som då hadde eit pledd over seg. Dette utvikla seg til ei seksuell handling, som guten trudde jenta var med på.

Venninna, som ifølge tiltalen oppmuntra til det heile, fortalde at ho fleire gonger spurte venninna om at det gjekk bra, slik at dei var sikre på at alt var i orden.

Dei to tiltalte fortalde at jenta verka til å vere villig til det som fann stad.

Filma hendinga

Den fornærma har eit heilt anna syn på saka.

Jenta fortalde i retten at ho merka at nokon tok på henne, men visste ikkje kven.

Ho skildrar hendinga som dels smertefull, men at kroppen fraus til og at ho ikkje greidde å gjere motstand eller seie at det ikkje var greitt.

Tenåringsjenta hugsa heller ikkje alt som skjedde den kvelden. Heller ikkje at venninna skal ha snakka med henne undervegs.

Ein av dei andre festdeltakarane filma ein video på seks sekund av hendinga. Denne blei spreidd vidare i etterkant.

Advokat Thore Heggen og politiadvokat Sissel Kleiven

Politiadvokat Sissel Kleiven og den fornærma jenta sin støtteadvokat, Thore Heggen under den tre dagar lange rettssaka.

Foto: Oddleif Løsetg / NRK

Ei anna veninne av stoppa etter kvart hendinga, medan ein annan festdeltakar fekk jenta inn på eit soverom. Der sleit jenta med å forklare kva som hadde skjedd, og kven som gjorde det.

Politiadvokat Kleiven meiner dette viser at handlinga var ufrivillig. Ho peikte også på at fornærma i videoen hadde auga att, og at hendinga skjedde eit rom med fleire andre.

Kleiven bad retten om ungdomsstraff for dei to ungdommane. Støtteadvokaten til fornærma bad om oppreisingserstatning.

Dette fekk dei altså ikkje gehør for.

– Ein verkebyll i ungdomsmiljøet

Tingretten meiner bevisa er uklare på ei rekkje sentrale punkt.

Dommen var einstemmig.

Eirik Hauge forsvarte den frifunne tenåringsguten.

– Han er naturleg nok letta og glad over resultatet. Eg meiner retten har gjort ei grundig og god vurdering av bevisa i saka, seier Hauge.

Ivar Blikra forsvarte venninna til fornærma.

– Ho gir uttrykk for stor lette, men det er inga glede å spore. Dette er ei sak som har vore ein verkebyll i eit større ungdomsmiljø med mange flotte ungdommar, seier Blikra.

Det er førebels uvisst om Statsadvokaten ankar avgjerda.