NRK Meny
Normal

Fredag kjem dommen over helsetoppane

Fredag blir granskinga av føretaksleiinga i Helse Førde lagt fram for styret. – Vi forventar å få avklart kva som var sant og kva som ikkje var sant, seier tillitsvald.

Agnes Landstad

KLAR FOR OPPVASK: Styreleiar Agnes Landstad får svar frå granskarane om mistilliten til føretaksleiinga i Helse Førde og varslarsaka mot viseadministrerande direktør Vidar Vie.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– For oss handlar det om å få ein avklaring på kva som skjedde, og kva som var sanninga. Vi fekk to versjonar, ein frå leiinga og ein frå dei som var involvert, seier Wenche Røkenes, føretakstillitsvald for sjukepleiarforbundet.

I haust varsla 10 fagforbund i Helse Førde full mistillit til føretaksleiinga. Forbunda organiserer nesten alle av dei om lag 2 500 tilsette i Helse Førde, og skulda føretaksleiinga for uryddige prosessar, dominerande leiarstil og lovbrot.

Jon Bolstad og Vidar Vie

I HARDT VÊR: Administrerande direktør Jon Bolstad og viseadministrerande direktør Vidar Vie.

Foto: NRK

Noko av bakgrunnen var forsøket på ei omorganisering tidlegare på året.

Forbunda skreiv at dei opplever «grunnleggande mistillit og store samarbeidsvanskar mellom føretaksleiinga, øvrig leiing og tillitsvalde», og bad styret i Helse Førde vurdere om tilstrekkeleg tillit var på plass.

Nesten samstundes klaga ein medarbeidar i Helse Førde viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga i helseføretaket. Varslinga skal ha botna mellom anna i Vie sin leiarstil.

Korkje Vie, administrerande direktør Jon Bolstad eller andre i føretaksleiinga har ønskt å kommentere saka gjennom prosessen.

Styre bad om hjelp

Sakene var av ein slik karakter at styret i Helse Førde valde å be om hjelp utanfrå til å undersøkje forholda i helseføretaket.

Og fredag vil konsulentane legge fram dommen over føretaksleiinga. Det stadfestar styreleiar Agnes Landstad.

– Vi får presentert rapporten. I den grad eg har følgt prosessen undervegs, har eg stor tillit til at det er blitt gjort eit grundig arbeid, seier Landstad.

Vidar Vie

VARSLARSAK: Ein medarbeidar i Helse Førde varsla viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga.

Foto: Bent Are Iversen, Firda

Ho seier styret vil ta grep etter det som kjem fram.

– Sannsynlegvis vil styret ta imot rapporten og kome tilbake med oppfølging i eit seinare møte, seier Landstad.

Ho seier at styret er klar til å rydde opp.

– Det er viktig at vi får dette fram og at vi får samla trådane slik at vi får legge til rette for vidare utviklingsarbeid. Vi har store oppgåver på gang i Helse Førde og må samle energien i rett retning.

– Har du tillit til at det som granskarane har kome fram til, kan hjelpe styret til å skape ro i organisasjonen?

– Det er heile hensikta. Vi skal få fram forbetringspunkta og samle kreftene, seier Landstad.

Wenche Kristin Røkenes

NØGD, SO LANGT: Vi har tillit til prosessen, seier tillitsvald Wenche Røkenes i sjukepleiarforbundet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ekstra tid

Konsulentane nytta både desember og januar til å undersøkje forholda, mellom anna har dei intervjua eit høgt tal tilsette.

Forbunda som varsla mistillit har tillit til prosessen så langt.

– Vi har tillit til at dette er blitt gjort på ein nøytral måte. Og at dei som gjennomfører undersøkinga er nøytrale i arbeidet, seier Wenche Røkenes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.