Hopp til innhold

Helse Førde-granskarane treng meir tid

Granskarane som undersøker varslar- og mistillitssakene mot Helse Førde treng også januar for å kome til botnen av problema i helseføretaket.

Ambulanse

OMFATTANDE ARBEID: Dei som granskar varslar- og mistillitssakene i Helse Førde har bedt om meir tid.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Opphavleg vart det håpa at konsulentselskapet i Bergen skulle levere rapporten sin til styret i Helse Førde innan 16. desember.

Men onsdag kveld måtte styreleiar Agnes Landstad orientere styret om at granskarane treng meir tid til jobben.

Torsdag blir det meldt på Helse Førde sine internsider at styret ikkje skal handsame granskinga før i slutten av januar.

«Styret er opptekne av at det skal vere nok tid til å gå grundig inn i alle sider av sakene. Ein stram tidsfrist skal ikkje gå på kostnad av kvaliteten i arbeidet med gjennomgangen, og det er omsynet til dette som gjer det rett å bruke noko lenger tid enn først planlagt», er forklaringa styreleiar Agnes Landstad gjev til dei tilsette.

Varslarsaker

Som kjent har ein medarbeidar i Helse Førde klaga viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga i helseføretaket.

Samstundes har 10 fagforbund, som organiserer nær alle dei 2.500 tilsette i Helse Førde, varsla full mistillit mot heile føretaksleiinga, som administrerande direktør Jon Bolstad er leiar for.

Styret i Helse Førde har valt å be om ekstern hjelp til å gå gjennom desse to sakene.

Til jobben er konsulentfirmaet AFF hyra inn. Styret får også juridisk hjelp av advokatfirmaet Steenstrup og Stordrange.

Les meir om varslar- og mistillitssakene i Helse Førde her: