NRK Meny
Normal

Full mistillit mot leiinga i Helse Førde

I eit brev til styret uttrykker 10 fagforbund i Helse Førde mistillit til føretaksleiinga og ber styret vurdere om tilstrekkeleg tillit er på plass.

Jon Bolstad

MISTILLIT: Dei 10 forbunda som varslar mistillit mot føretaksleiinga i Helse Førde, der administrerande direktør Jon Bolstad er øvste leiar, representerer den store majoriteten av dei 2 500 tilsette i helseføretaket.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Innhaldet i brevet, som NRK sit på, og som 10 fagforbund i Helse Førde har sendt til styret i Helse Førde, er kraftig kost.

Her stiller nesten alt av tillitsmannsapparat i helseføretaket seg bak ein beskjed som er vanskeleg å mistyde: Forbunda opplever «grunnleggande mistillit og store samarbeidsvanskar mellom føretaksleiinga, øvrig leiing og tillitsvalde», som det står skrive i brevet.

Bakgrunnen skal vere prosessen rundt forsøket på omorganisering tidlegare i år, og som no er lagt vekk. Og det botnar mykje i leiarstilen til føretaksleiinga.

Viseadministrerande direktør Vidar Vie og administrerande direktør Jon Bolstad ynskjer ikkje å kommentere saka. I ein e-post torsdag kveld viste Bolstad til fungerande styreleiar.

Skuldingar

Brevet frå dei lokale forbunda vart handsama i ein lukka del av styremøtet i Helse Førde fredag for ei veke sidan.

– Eg kan stadfeste at styret har fått eit brev frå foretakstillitsvalde, ei uromelding om kritikkverdige forhold, og det tek styret på største alvor, seier fungerande styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde, til NRK Sogn og Fjordane.

Det var altså ikkje berre varslarsaka mot viseadministrerande direktør Vidar Vie som var tema under møtet fredag, og som NRK fortalde om onsdag. NRK kan i dag også avsløre at det vart handsama ei sak som omhandla full mistillit til heile føretaksleiinga, som administrerande direktør Jon Bolstad er øvste leiar i.

I brevet skuldar dei 10 fagforbunda, som organiserer nesten alle av dei om lag 2 500 tilsette i Helse Førde, føretaksleiinga for uryddige prosessar, dominerande leiarstil og lovbrot.

Mellom anna skuldar dei leiinga for å ha bestemt utfallet av omorganiseringa på førehand, og at deira ønske om tilbakemeldingar vart avfeia. Og at det vart kommunisert ut frå leiinga at «berre formalia gjenstod før gjennomføring».

Forbunda skriv også at dei har «påliteleg informasjon» om at føretaksleiinga har tilbode leiarar nye sjefsstillingar i omorganiseringa med kort akseptfrist.

Forbunda meiner at føretaksleiinga har brote Helseføretakslova og Hovudavtala og at føretaksleiinga har feilinformert både styre og dei tillitsvalde.

«Vi er såleis av den klare oppfatting av at føretaksleiinga har forsøkt å gjennomføre den største og mest radikale omorganiseringsprosessen i Helse Førde si historie, utan å halde styret informert og utan å sørge for informasjon og medbestemmelse til dei tillitsvalde», skriv tillitsvalde i dei ti fagforbunda i brevet.

Tillitskrise

I brevet varslar fagforbunda at prosessen har ført dei ut i ei tillitskrise og hevdar at dei opplever ei brei støtte for synspunkta sine hjå leiarar på alle nivå i organisasjonen. Samstundes gjev dei same leiarane uttrykk for å føle seg «bundne på hender og føter» utan å kunne påverke, står det i brevet.

«Mange av leiarane har òg gitt uttrykk for at saka har ført til så store samarbeidsvanskar at dei er usikre på både framtida si som leiar og som tilsett i Helse Førde», skriv forbunda.

Og held fram med at dei føler seg hamna i ein svært krevjande situasjon, der føretaksleiinga i gjentekne møter har skulda dei for å ha «misforstått prosessen» og for at dei er blitt «feilinformert». Forbunda hevdar òg at dei er blitt utsett for aukande press om å legge lok på saka, og inngå ein avtale om å arbeide vidare framover for Helse Førde sitt beste.

«Sjølv om vi alle ønskjer å utvikle gode og berekraftige helsetenester i Sogn og Fjordane, ser vi det ikkje mogleg å akseptere det som har hendt. Vi ser på dette som eit grelt døme på uryddige og lukka prosessar på kant av lov- og avtaleverk som Helse Førde ikkje kan vere kjende av», held dei tillitsvalde fram.

Dei avsluttar brevet med følgande:

«Vi vil med dette uttrykke mistillit til sittande føretaksleiing, og ber styre å gjere si vurdering av om tilstrekkelig tillit er tilstades».

Set si lit til styret

NRK forsøkte i heile går å få tak i tillitsvald Wenche Røkenes i den største fagforeninga i Helse Førde, sjukepleiarforbundet, utan å lukkast. Det same med Randi Aven, som er tillitsvald i det nest største, Fagforbundet.

Føretakstillitsvald Ola Arne Hjelle i Norsk Overlegeforening seier følgande når vi fortel at vi sit på brevet.

– Dette har vore ein lang og vanskeleg prosess og brevet er eit resultat av denne prosessen. Vi set no vår lit til styret si handsaming. Vår agenda har heile tida vore å sjå at styret tek innhaldet på alvor, og få dei til å vurdere kva tiltak som må gjerast, seier Hjelle.

– De kjem med kraftige skuldingar mot føretaksleiinga i brevet?

– Eg vil ikkje gå inn på det. Det som står der, det står der. Vi meiner at lovene er brotne, seier Hjelle.

Ikkje råd til uro

Fungerande styreleiar Agnes Landstad vedgår at det er alvorleg at foretakstillitsvalde varslar om kritikkverdige forhold i verksemda.

– Helse Førde har eit stor utviklingsarbeid knytt til «Pasientens helseteneste» framføre seg . Difor har vi ikkje råd til å ha stor uro internt, seier Landstad til NRK.

Agnes Landstad

ALVORLEG URO: Fungerande styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde.

Foto: Heidi Widerøe

Som NRK meldte onsdag har styremøtet vedteke å be om ekstern hjelp av konsulentfirmaet AFF for å klargjere situasjonen.

– Vi stiller oss bak denne framgangsmåten, seier Wenche Røkenes, føretakstillitsvald for sjukepleiarforbundet, og hovudvernombud Berit Hornnes, i ei pressemelding sendt til NRK frå Helse Førde fredag morgon.

Sparsam

Agnes Landstad er sparsam med å kommentere dei kraftige skuldingane i brevet.

– Eg vil ikkje kommentere innhaldet eller prosessen som skal gå. Men styret er nøgd med informasjonen vi har fått.

– Dei tillitsvalde skuldar også styret for ikkje å ha teke deira varsel om føretaksleiinga på alvor tidlegare. Er dette rett?

– Styret fekk eit brev frå dei i september. Vi meiner vi har handtert det, seier Landstad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune