NRK Meny
Normal

Nytt brev hevdar at medarbeidarar flyktar frå direktør i Helse Førde

Ifylgje eit nytt brev skal 16 leiarar ha slutta i avdeling Stab og støtte i Helse Førde dei siste åra. Fleire av dei stadfestar til NRK at dei slutta heilt eller delvis på grunn av viseadministrerande direktør Vidar Vie sin leiarstil.

Vidar Vie

OMSTRIDD: Viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde.

Foto: Bent Are Iversen, Firda

Dette kjem fram i eit nytt brev som er sendt til administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest og til styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde, samt levert til NRK.

Brevet som NRK sit på inneheld 16 namn. Det som er journalført hjå Helse Førde skal derimot innehalde 15 namn.

I brevet blir det retta sterke skuldingar mot viseadministrerande direktør Vidar Vie sin leiarstil og personalhandtering.

Brevet kjem i tillegg til varslarsaka som NRK avslørte for snart tre veker sidan, der ein medarbeidar i Helse Førde har klaga Vidar Vie inn for leiinga i helseføretaket. Varslinga botna mellom anna i leiarstilen til den viseadministrerande direktøren. Varslaren er ikkje blant dei 16 som er nemnt i det nye brevet.

Brevet

BREVET: Brevet har ingen avsendar. NRK sladdar namna og mesteparten av teksten ut frå, mellom anna, personvernomsyn.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Viseadministrerande direktør Vidar Vie ønsker ikkje å kommentere saka. Kommunikasjonsavdelinga i Helse Førde viser til styreleiar Agnes Landstad.

Administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest stadfesta tysdag at han har fått brevet.

– Ja, eg har fått brevet. Det låg på bordet då eg kom på jobb i dag. Det vil bli behandla etter gjeldande reglar, seier Nilssen.

Herlof Nilssen

Administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest.

Foto: Helse Vest

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde har også fått brevet.

– Eg har fått eit skriv, sendt inn til min private e-post, stadfestar Landstad.

Sirkulerte på sjukehuset

NRK har hatt brevet ei stund. Det er forma som eit skriv, utan underskrift, og byrjar med å liste opp 16 menn og kvinner som skal ha slutta i leiinga i Stab og støtte dei siste 5–6 åra.

Deretter kjem ein 10 linjer lang tekstbolk som karakteriserer viseadministrerande direktør sin måte å leie på. Det blir mellom anna hevda at Vie har «dårlege leiartrekk og haldningar overfor sine medarbeidarar».

Det er ikkje kjent kven som har skrive eller sendt brevet, eller når det er skrive. Brevet har kome til NRK, Helse Vest og styreleiar i Helse Førde med anonym eller ingen avsendar.

Til NRK vart brevet lagt i ein konvolutt og plassert ved bakdøra til NRK Sogn og Fjordane ein sein kveld i november. Vedkommande som kom med brevet skal ha planlagt å legge det i postkassa ved hovudinngangen. Men slo det frå seg då det var lys i lokala, og kveldsvakta kunne sjå personen.

Kjelder seier til NRK at brevet tidlegare skal ha sirkulert mellom tilsette på sentralsjukehuset.

NRK sjekka innhaldet

NRK har snakka med 14 av personane som er nemnt i brevet til NRK. Over halvparten (10 personar) stadfestar at dei slutta i jobben heilt eller delvis på grunn av Vie sin leiarstil, eller dei stadfestar tilhøve som er lik skuldingane i brevet.

  • Sju personar stadfestar at dei slutta, eller måtte slutte, på grunn av, eller delvis på grunn av, Vidar Vie sin leiarstil
  • To stadfestar tilhøve rundt leiarstilen som er lik skuldingane i brevet, men at dei slutta av andre årsaker
  • Ein person jobba ikkje under Vie, slik brevet hevdar, men stadfestar skuldingane om leiarstilen
  • Fire personar stiller seg derimot uforståande eller avvisande til at Vie har ein kritikkverdig leiarstil.

Enkelte av dei som er nemnt i brevet kan formelt sett ha jobba under administrerande direktør Jon Bolstad i si tid.

Styreleiar Agnes Landstad seier ho har journalført brevet ho fekk sendt til sin private e-post.

– Det vil bli gjort tilgjengeleg til dei som granskar Helse Førde, seier Landstad.

Agnes Landstad

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho vil ikkje kommentere innhaldet i brevet.

Som kjent har styret i Helse Førde engasjert eit konsulentselskap og eit advokatfirma til å granske varslarsaka mot Vidar Vie, samt mistilliten som 10 fagforbund har meldt mot føretaksleiinga i Helse Førde. NRK avslørte også sistnemnde sak for litt over to veker sidan.

– Det er viktig for styret i Helse Førde at prosessen med gjennomgang og faktaundersøking får gå sin gang på ein forsvarleg og ryddig måte som varetek alle partar. Vi ønsker ro rundt arbeidet for å få eit resultat som alle kan ha tillit til, seier Agnes Landstad.

Kva kan du seie om at det kjem anonyme brev med namneliste og skuldingar i denne saka?

– At dette er ei sak som mange engasjerer seg i, seier Landstad.

Står ikkje fram

Også konsulentselskapet som styret i Helse Førde har hyra inn for å sjå på varslarsakene, skal ha fått brevet tilsendt.

NRK veit at organisasjonspsykologen som no granskar Helse Førde har snakka med fleire av personane som er lista opp i brevet.

Personane på lista som stadfestar at dei slutta i jobben heilt eller delvis på grunn av Vie, seier dei ikkje ønsker å stå fram med namnet sitt i media.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast