NRK Meny
Normal

– Styret i Helse Førde må ta grep

– Dette er eit tungt rop om hjelp og vi stolar på at styret i Helse Førde tek dei grepa som må takast, seier leiar Ronny Cassells i legeforeininga i Sogn og Fjordane.

Ronny Cassells

HÅPAR PÅ BETRE LEIING: Ronny Cassells i Legeforeininga i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Fredag avslørte NRK at 10 fagforbund i Helse Førde uttrykker mistillit til føretaksleiinga, og at dei ber styret vurdere om tilstrekkeleg tillit er på plass til dei som leiar helseføretaket i fylket.

Dei 10 forbunda representerer nesten alle 2.500 tilsette i Helse Førde.

Føretaksleiinga ynskjer ikkje kommentere saka. Fungerande styreleiar Agnes Landstad seier styret tek saka på største alvor, og at styret har hyra ekstern hjelp til å undersøkje forholda.

Leiaren i Legeforeininga i Sogn og Fjordane, Ronny Cassells, seier han ikkje er overraska over at opprøret no er kome over ein slik brei front.

– Vi i legeforeininga har sitte stille i båten lenge fordi vi har vore redd for at uro rundt helseføretaket vil gå ut over pasientane. Legar snakkar saman, og blir det for mykje uro vil ikkje spesialistar flytte hit og jobbe her. Legetilgangen til fylket er sårbar frå før.

– Men no når organisasjonane samla seg om å gå ut med eit varsel, vart vi med. Eg er veldig glad for at det vert gjort samla. Dette er alvor, alle reiser seg no, seier Cassells.

–​ Kvifor har de ikkje sagt ifrå før?

– Vi har hatt medlemmer som har frykta for jobben sin. Det har vore ein del av bildet. Men det har også handla om timing.

Bolstad: – Vil ikkje gå inn i diskusjonen

Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde svarar følgande på utspela til legeforeininga sin leiar:

– Det er ikkje naturleg for meg å gå inn i denne diskusjonen. Men legeforeininga må til ei kvar tid kome til oss og ta opp dei spørsmåla dei måtte ynskje, seier Bolstad.

Bekymra

Til vanleg er Cassells fastlege og sjukeheimsoverlege i Flora. Men Cassells har jobba både på sentralsjukehuset i Førde og på lokalsjukehuset i Lærdal. Han tykkjer opphalda var gode opplevingar med gode lokale leiarar.

Men Cassell har lenge vore bekymra for at personalbehandlinga til Helse Førde skal føre til legeflukt, og at måten leiinga opptrer på difor vil gå ut over pasientane. Forsøket på omorganiseringa tidlegare i år var den berømte dropen. Omorganiseringa er no stogga.

– Organisasjonsendringa var så spesiell at vi lurer på kvar den kom frå. Eg er veldig glad for at dei har sett bremsene på. Vi er veldig skuffa over at fagfolk ikkje fekk vere meir involvert. Hadde dei det, hadde omorganiseringa blitt stogga tidlegare, meiner Cassells.

– Vi vart veldig forundra over prosess og mål. Dette er «New Public Management» som er dratt litt for langt. Vi er ikkje imponert, seier Cassells.

– Direktøren har snakka så ullent om omorganiseringa at det er omtrent som han sit å beskriv ei skodde, seier Cassells.

Trur på endring

Han seier at for legeforeininga er fokuset å halde på dei gode fagpersonane.

– Vi var uroa over at prosessar som skal gå til beste for pasienten, pressar ut dei tilsette som sjukehuset er avhengig av. Når spesialistar sluttar eller flytter, mister sjukehuset viktig kompetanse.

– Er makt og profesjonskamp ein grunn til at de er kritiske?

– Eg har ingen agenda på sjukehuset. Vi er veldig glade for at vi har eit godt sentralsjukehus, men sjukehuset er avhengig av stabilitet. Å endre struktur og bruke eksterne konsulentar i staden for å stole på dei folka ein har, treng ikkje føre til noko betre, seier Cassells.

Han seier legeforeininga stiller seg bak Bent Høie sin visjon om «Pasientens helseteneste».

– Men helseministeren sitt punkt om endring i leiing som set mål om betre kvalitet og pasienttryggleik, mangla konsistens i Helse Førde sitt prosjekt. Det verkar som toppleiinga i Helse Førde har svikta på å endre leiing, system og kultur i ein retning som er til pasientens sitt beste, seier han.

Han seier han har tru på at styret no ryddar opp etter varselet frå dei 10 forbunda.

– Eg stolar på styret. Eg trur dei vil setje seg inn i situasjonen og at dei vil ta dei grepa som må gjerast.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy