Hopp til innhold

Må kalle ut brannbil kvar gong redningshelikopteret skal lande

Brannfolk over heile landet må rykke ut og stå klare når det nye redningshelikopteret SAR Queen skal lande ved norske sjukehus.

SAR Queen

SAR QUEEN: Ved fleire sjukehus i landet må det vere brannbil til stades når redningshelikopter skal lande på sjukehus. Mellom anna gjeld det i Førde.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Dei nye redningshelikoptera SAR Queen har skapt hovudbry for fleire sjukehus etter at dei erstatta forgjengaren Sea King.

Dei har vore for store for fleire av landingsplassane, og i tillegg har den sterke rotorvinden skapt utfordringar.

Mellom anna har St. Olavs hospital i Trondheim, Ullevål sjukehus i Oslo og universitetssjukehuset i Tromsø fått problem.

Ved Sykehuset Østfold Kalnes måtte det ombygging til for å ta imot det nye helikopteret.

Ved sentralsjukehuset i Førde i Vestland er utfordringa ei anna:

Her må dei kontakte brannbil som må rykke ut og stå klar kvar gong helikopteret skal lande.

Førde sentralsjukehus

I akutte situasjonar der brannvesenet ikkje er på plass ved landingsplassen, og det står om liv, så kan helikopteret ved Førde sentralsjukehus lande på den såkalla nødretten.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Årsaka er at SAR Queen er sertifisert for meir enn ti personar, og at det difor er ekstra krav til branntryggleik.

Kravet råkar også redningshelikopteret Super Puma. Men ikkje ambulansehelikopter, som er dimensjonerte for færre enn ti personar.

Les også Sykehusledelsen fortviler – kan måtte bygge 33 meter høy plattform for nye redningshelikoptre

Tester helikopterlanding ved St. Olavs hospital

Fleire sjukehus i same situasjon

Fleire andre sjukehus i Noreg er i same situasjon som Førde sentralsjukehus og treng ekstra kompenserande tiltak for å stette krava.

Det bekreftar Henning R. Tennes, seksjonssjef for flyplass og flysikring i Luftfartstilsynet.

 Seksjonssjef for flyplass og flysikring, Luftfartstilsynet, Henning Tennes.

Henning R. Tennes, seksjonssjef for flyplass og flysikring i Luftfartstilsynet, seier fleire sjukehus er i same båt som Førde sentralsjukehus. Nokre har løyst dette med å kalle ut lokalt brannvesen, medan andre har andre kompenserande tiltak. 

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Kor mange og kven dette gjeld har han ikkje oversikt over.

Men ei oversikt frå Luftfartstilsynet i august 2023 synte at dei fleste landingsplassar ved norske sjukehus ikkje er godkjente for SAR Queen.

Likevel landar helikoptera ved fleire sjukehus, men då på den såkalla naudretten.

Fleire pilotar er skeptiske til dette, fordi dei då kan stå personleg ansvarlege om noko går gale.

Justis – og beredskapsdepartementet seier til NRK at dei ikkje kjenner til at fleire sjukehus må kalle ut brannbil under landing. Dei viser til Luftfartstilsynet og helseføretaka.

Kan koste dyrt

Helse Førde har no inngått avtale med den lokale brannstasjonen om å bistå under ladning. Avtalen kan koste oppimot ein halv million i året.

– Det er viktig at vi innrettar oss etter krava. Vi er naturlegvis interesserte i den best moglege beredskapen slik at vi sikrar både pasientar og mannskap, seier Terje Olav Øen, beredskapssjef i Helse Førde.

terje olav øen, beredskapssjef Helse Førde

Om lag 50 gonger i året landar redningshelikopter ved Førde sentralsjukehus. Fram til no har Helse Førde og beredskapssjef Terje Olav Øen trudd at alt var i orden, men no viser det seg at landingsplassen ikkje har vore godkjent for korkje Sar Queen eller Super Puma.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Alternativet er å investere i eit brannsløkkingsanlegg til om lag 5 millionar, pengar som dei allereie har for lite av.

Haukeland universitetssjukehus har brannsløkkingsanlegg, og treng difor ikkje kalle ut brannbil.

I Haugesund må ambulansefly og SAR Queen lande på ordinære lufthamner på Stord og i Haugesund, opplyser Magne Kyland, kommunikasjonssjef i Helse Fonna.

Har aldri vore godkjent for større helikopter

Helse Førde sin landingsplass stod ferdig i 2015 og husar også basen til luftambulansen.

Inntil no har Helse Førde trudd at landingsplassen deira var godkjent for SAR Queen og Super Puma.

Men ein inspeksjon frå Luftfartstilsynet 6. februar viste at dette ikkje er tilfelle.

Her kom det fram at landingsplassen er for liten for SAR Queen og at brannberedskapen ikkje var god nok.

Beredskapssjef Øen seier dei har levd i trua på at alt var i orden.

Helse Førde er i gang med å søkje dispensasjon for dei ekstra krava til branntryggleik og areal.

Tennes i Luftfartstilsynet svarar at det er Helse Førde sitt ansvar å ha dei rette godkjenningane på plass.

Under eit tidlegare tilsyn i 2019 gav Luftfartstilsynet Helse Førde avvik fordi dei ikkje kom med oversikt over kva helikopter som brukte landingsplassen.

Luftfartstilsynet meiner at krava uansett burde ha vore godt kjente for helseføretaka.

Rettelse: I en tidligere versjon av denne artikkelen sto det Luftforsvaret. Dette er nå endret til Luftfartstilsynet.

Les også Bad om forsterkning, men brannbilen dukka aldri opp

Onsdag 22. juli rykte naudetatane ut etter melding om brann på Torvmyrane i Florø.

Les også Forsvarets nye redningshelikopter er for tungt til å løse oppdrag høyt til fjells

Redningshelikopteret Sar Queen søker etter en person i en skog. Det er i skumringen og vi kan se helikopterets lyskastere som er rettet nedover mot bakken. Vi kan også se toppen på noen trær