NRK Meny
Normal

Slik skal ho prøve å rydde opp i Helse Førde

Granskinga av Helse Førde-leiinga skal skje av advokatar og eksterne konsulentar. Framover skal fleire forklare seg. Rapporten kan kome på bordet alt før jul.

Agnes Landstad

TØFF JOBB: Fungerande styreleiar i Helse Førde Agnes Landstad, skal prøve rydde opp i tillitskrisa i Helse Førde.

Foto: Heidi Widerøe

– Ting kjem fram undervegs, og det er vanskeleg å seie at slik blir det. Det viktigaste er ei forsvarleg handsaming, men ambisjonen er at styret får dette før jul, seier fungerande styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde.

Leiinga i Helse Førde opplever full tillitskrise frå tillitsvalde som representerer så godt som alle tilsette. I eit særs skarpt brev seier dei ti store fagorganisasjonane at dei ikkje har tillit til sittande føretaksleiing, og ber styret om å vurdere om tilstrekkeleg tillit er til stades.

Leiinga blir skulda for uryddige prosessar, dominerande leiarstil og brot på Helseføretakslova.

På same tid kom det fram at ein medarbeidar har levert inn ei varslarsak mot leiinga.

Vidar Vie

GJENNOMGANG: Viseadministrerande direktør i Helse Førde, Vidar Vie.

Foto: Bård Siem / NRK

NRK kjenner til at varselet er retta mot viseadministrerande direktør Vidar Vie. NRK har kjelder på at varselet botnar i leiarstilen hans.

Sakene har felles trekk

Krisa er så omfattande at styret har leigd inn eksterne konsulentar for å granske. Konsulentselskapet AFF i Bergen, og advokatfirmaet Steenstrup og Stordrange skal no gå leiarskapen i Helse Førde i saumane.

Det var varslarsaka som utløyste gjennomgangen, men brevet frå dei tillitsvalde har utvida granskinga.

– Denne gjennomgangen vart initiert umiddelbart etter at styret tok imot varslarsaka, også utvida vi den fordi det kom nye moment inn, seier Landstad.

Ho seier varslinga og mistilliten mot Helse Førde-leiinga er to ulike saker, men som har felles trekk.

Jon Bolstad

TILLITSKRISE: Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde, har fått beskjed om at dei tillitsvalde har mistillit mot leiinga.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er to ulike saker, men dei fell saman i tid, det er element som går igjen i begge. Det er naturleg å gjere ein felles gjennomgang på det.

– Skal få all dokumentasjon

Teamet starta å jobbe for meir enn ei veke sidan, og skal gjennomføre samtalar med råka personar, føretaksleiinga og dei tillitsvalde. Dei skal også gå gjennom skriftleg dokumentasjon. Granskarane skal rapportere til styret, og målet er å få rapporten før jul.

– Det er erfarne folk som er inne frå AFF. Det er styret i Helse Førde som gir mandatet for granskinga, og som dei rapporterer til. Dei skal få tilgang til all dokumentasjon, snakke med dei som dei skal. Det må vere tillit til denne prosessen

Kva tykkjer du om situasjonen?

– Den er ikkje god, den er ikkje god for organisasjonen. Det er ikkje godt for utviklingsprosjekta som er i gang. Men drifta og pasientbehandlinga går som vanleg, det er viktig å få fram. Vi må få ro i organisasjonen, også for å få trykk på omstillinga og utviklingsprosessane som Helse Førde står oppe i og framfor. Så dette må ryddast i, og det skal vi greie, avsluttar Agnes Landstad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune