Hopp til innhold

– Skadane er så store at vi håpar på økonomisk krisehjelp

SKJOLDEN (NRK): Beitemark er vaska vekk av elva, og berre steinar ligg att på det som var ein del av livsgrunnlaget. Flaumråka bønder meiner øydeleggingane er så store at dei må ha pengehjelp.

Andreas Wiese

TRENG HJELP: Dei store øydeleggingane etter flaumen gjer at bøndene treng pengehjelp.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Fleirfaldige mål med dyrka mark er totalt rasert. Dette var grunnlaget for bøndene, seier leiar for Luster bondelag, Andreas Wiese.

Det nærmar seg to veker sidan den dramatiske sundagen, då flaumstore elver røska med seg jordbruksareal, skog og fleire hundre rundballar.

No håpar bøndene på økonomisk draghjelp frå Naturskadefondet for å få tilbake beitemarkene slik dei ein gong var.

– Dette er dramatisk. Konsekvensen av skadane blir at bonden får lågare inntekt, eller i verste fall ikkje kan drive vidare i det heile, seier Wiese.

Ordføraren i Luster er i stuss på om landskapet nokon gong vil bli som før i dei hardt råka dalane.

– Nokre område trur eg ikkje vi klarer å få tilbake som det ein gong var, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Andreas Wiese

SLENGT RUNDT: Nær 500 rundballar blei slengt rundt under flaumen. Leiar for bondelaget i Luster, Andreas Wise, meiner bøndene treng pengehjelp.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Samla til folkemøte: – Eg vil ha svar på om eg får hjelp til å bygge opp att garden min

Dalane i Luster var blant områda som blei hardast råka av dei store vassmengdene. Kring 30 personar vart evakuerte, og like mange var isolerte på grunn av flaumen.

På tysdag var det folkemøte på Fjordstova i Skjolden. Her skulle innbyggjarane få kome med det dei hadde på hjartet, og få informasjon om kva hjelp som er å få.

– NVE er klare på at dei prioriterer å flaumsikre stadar med busetnad, og vi har ein diskusjon på kva som vil skje med landbruksområda. Signala frå NVE er gode på at dei vil følge opp dette saman med naturskadefondet, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

Ein av dei som møtte var Øyvind Listou. Han sit att med ein rasert gard etter at Mørkridselva utvikla seg til å bli ei farleg flaumelv.

– Eg vil ha svar på om eg får hjelp til å bygge opp att garden min. Han er rasert, seier Listou.

Bondelagsleiaren i Luster trur bøndene i området skal komme seg over kneika til slutt, men då må det hjelp til.

– Første prioritert er å få tilbake den dyrka jorda. Det blir utfordrande, men eg har tru på at dette skal gå bra, seier Wise.

Mørkridsdalen

MØRKRIDSDALEN: Slik ser det ut i Mørkridsdalen litt over ei veke sidan flaumen.

Foto: TORJE BJELLAAS / NRK