Hopp til innhold

Kom heim til 20 meter breiare elv på eigedomen

Søskena og naboane Brynhild Bolstad og Halvard Johan Bolstad måtte evakuere heimane sine sundag, og det var eit dystert syn som møtte dei då dei kom tilbake til eigedomane på Bolstad i Luster måndag.

Halvard Johan Bolstad, på Bolstad i Luster

KOM TILBAKE TIL EIN HEILT ANNLEIS GARD: Halvard Johan Bolstad ved elvefaret på Bolstad i Luster.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg ser store øydeleggingar her på plassen. Sidan eg var her i mørket i går kveld har vatnet gått to–tre meter lenger inn på beitemarka. Og eine svingen i elva er heilt annleis enn det han pleier å vere, seier Halvard Johan Bolstad.

Systera Brynhild Bolstad og han måtte bu på hotell i natt i frykt for kva som skulle skje om dei blei att i husa sine. Dei gjekk inn i husa sine i dag rundt 7.30, og var trass alt glade for det dei såg.

– Det står tort og fint, men under huset er elva blitt tre gonger så brei som ho var i går. Ho har pløgd seg gjennom ei eng på andre sida og lagt igjen store massar under huset, seier han.

Plassen rundt huset er halvert av elva, meiner han.

– Eg trur det har gått frå gamle elvekanten og inn hit har det gått 20 meter. Eg har aldri sett det sånn.

Det gamle uthuset til Bolstad står heilt på kanten av det nye elvefaret. Framfor alt er det jordbruksland som har blitt skada.

– Det er vemodig å sjå at elva har gjort så stor skade. Heldigvis er det for det meste beitemark som er råka. Men eg er skeptisk til korleis det ser ut lenger fram i dalen, seier han.

NVE opplyser i dag at vassdraga har nådd sitt høgaste punkt, men det kjem til å ta tid før det søkkjer raskt. Skadeomfanget skal undersøkast i løpet av dagen av NVE og dei råka kommunane. Det er framleis rekna som farleg å gå nære elvefara då vatnet kan ha grave vekk jord som vanlegvis held elvekantane oppe.

Halvard Johan Bolstad

ELVA TEK NYE VEGAR: Halvard Johan Bolstad har aldri sett noko liknande. Han kom tilbake til heimen sin måndag, men veit ikkje om det er trygt å flytte tilbake.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK