Hopp til innhold

Budde på hotell i natt, veit ikkje om heimen finst att i dag

Kring 30 personar måtte evakuere i Luster kommune på grunn av flaum. Framleis er i tillegg kring 30 isolerte. Fleire av desse er no også utan straum. Andre har måtta bu på hotell i natt.

Evakuerte, flaum Luster, Halvard Johan Bolstad, Brynhild Bolstad og Wenche Hjortland

REDDE FOR HEIMEN: I tryggleik i natt, men usikre på kva dei finn når dei skal tilbake til huset.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg veit ikkje om huset står der når eg kjem tilbake, men eg fekk sikra verdisaker som ikkje lar seg erstatta før eg vart evakuert, seier Halvard Johan.

Søskena og naboane Halvard Johan Bolstad og Brynhild Bolstad er nokon av dei som har blitt evakuert frå Mørkridsdalen og Fortunsdalen i Luster.

Isolerte og omringa

– Eg har vore i kontakt med dei som er isolerte. Dei er ved godt mot, men det er ein dramatisk situasjon, seier ordførar Ivar Kvalen.

Sundag morgon vart fire personar berga ut av eit hus i Fortun, etter at Fortunselva hadde omringa huset med dei fire. Totalt er 30 personar i Fortunsdalen og Mørkridsdalen isolerte. Sju hus står i fare for å bli sopt med flaumstore elvar i Luster. Fleire familiar fekk då varsel om å vere klare til evakuering.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

I BEREDSKAP: Ivar Kvalen (Sp) er ordførar i Luster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Like før klokka 19 sundag kveld stig elva så mykje at vegen inn til Fortunsdalen og Sognefjellet må stengast. I Mørkridsdalen er situasjonen også å byrja å verte vanskeleg for fleire av dei isolerte.

– Nokre har no i tillegg mista straumen. Dermed er dei både isolerte fordi vegen er øydelagd og dei er utan straum og telefon, seier Kvalen.

Utan straum

Ei av dei som både er isolert og utan straum er Siv Merete Marås og den snart tre år gamle dottera.

– Det er utfordrande. Vi miste straumen ved åttetida laurdag morgon og no har vi verken straum, vatn eller skikkeleg telefondekning, seier Marås.

Når NRK snakkar med ho sundag kveld sit ho i traktoren som ho har brukt for å kome til eit område med mobildekning. Ho kjenner seg trygg der huset står, men fortel at det er umogleg å kome seg til og frå huset der ho bur.

– Nei, eg veit ikkje om brua over elva framleis står, men frå brua til fylkesvegen så går elva over vegen, seier Marås.

Ho og mannen driv med hjorteoppdrett, og var akkurat ferdige med slaktinga for i haust. Difor hastar det med å få straumen attende.

– Det byrjar å bli litt kritisk. Eg har fryserommet fullt av ferdigpartert hjort som helst ikkje skal tine. Her er det snakk om verdiar for fleire hundre tusen kroner, seier Marås.

Krevjande situasjon

I NVE følgjer dei situasjonen tett med tanke på korleis utviklinga bvert utover ettermiddagen og kvelden

– Det er framleis ein krevjande situasjon. Det er høg vassføring i fleire av elvane og det er overløp frå nokre dammar, seier Brigt Samdal som er regionsjef i NVE.

Kva er dei største utfordringane no?

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

MYKJE NEDBØR: Brigt Samdal er regionsjef i NVE.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det som er det vanskelegaste no er dei store nedbørsmengdene som er varsla ut over kvelden og fram mot midnatt. Det usikkert kor denne nedbøren kjem. Den kan kome i Luster, men det kan og kome lenger nord mot Stryn eller over vasskillet i forhold til Lom og Otta, seier Samdal.

Fleire kan verte evakuerte

I Mørkridsdalen har den flaumstore elva greve så mykje at den er i ferd med å ta nytt løp.

– Det er sju – åtte hus som står i fare. I tre av dei bur det folk, og dei har fått varsel om at dei kan verte evakuerte.

Sundag ettermiddag ser det ut til at det har roa seg litt, og at faren har gått ned noko i dette området.

– Det som no blir spanande er korleis det utviklar seg ut over natta seier Kvalen.

Vegen til Fortun

STENGT: Det fløymer over vegen til Fortun.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Store skadar

Ordføraren har i løpet av dagen vore på synfaring i dei råka dalføra, men seier det førebels er vanskeleg å få full oversikt over kor store skadane er.

– Eg har ikkje kunne vere over alt på grunn av dei store vassmassane og fordi mange vegar er stengde. Men ut frå det vesle eg har sett, så ser deler ut som eit katastrofeområde. Elva har gått ut over sine breidder og gjort store skadar på både bygningar, skog og innmark, seier Kvalen.

– Viktig at folk heldt seg i ro

Søndag kveld var politiet, saman med blant anna Hydro og NVE, oppe i Fortunsdalen på synfaring for å få oversikt over flaumen sine skadar.

– Vi har sett på skadane og berre medan vi var der steig vasstanden i elva. Det er framleis usikkert korleis dette vil utvikla seg utover kvelden og natta, men vi har evakuert nokre personar frå nokre gardstun, seier innsatsleiar i politiet, Joachim Malterud.

Han har ei klar oppmoding til dei som ferdast i området.

– Det er sett opp vegsperring ved Eidsvatnet og området vert sett på eit avstengt område. Det er viktig at folk heldt seg i ro og blir heime slik at dei ikkje utsett seg for fare, seier han.

Er i og kontakt med Sivilforsvaret

Sidan i natt har mannskap frå Sogn brann og redning vore på ute på oppdrag i Luster. Kommunen er no i beredskap og er i tett dialog med politiet og NVE.

– Vi har og i kontakt med Sivilforsvaret og frivillige slik at dersom situasjonen skulle eskalere ytterlegare så skal vi ha god beredskap, seier Kvalen.

Flom på Innlandet og Vestlandet