Hopp til innhold

Her byggjer sherpaene sti til flaumfaste sauer på fjellbeite

LUSTER (NRK): Nokre effektive timar var det 15 sherpa trengde for å gjere det mogleg å hente ut 300 flaumfaste sauer i Luster.

Sherpa byggjer sti til flaumfaste sauer

BRATT: Det var alt anna enn lette arbeidsforhold for sherpaene som i dag laga veg til dei flaumfaste sauene på fjellbeitet.

Foto: Privat

– Her er det framkomeleg. Det er det ingen tvil om, seier Rune Fuglesteg, ein av bøndene som sidan førre helg har hatt fleire sauer flaumfaste på fjellbeitet i Mørkridsdalen.

Mellombels sti

Kjell Einar Ormberg og Rune Fuglesteg

LETTA: Bøndene Kjell Einar Ormberg (t.v.) og Rune Fuglesteg er letta over at dei kan få sauene ned att frå fjellbeitet før snøen kjem.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Den flaumstore elva sopa med seg 300 meter av vegen til fjellbeitet. Alternativet var lengre fjellturar på opp mot 1.200 meters høgde for å få henta dei 300 sauene ned for vinteren.

Løysinga vart sherpa som allereie var i Noreg. I kveld set dei seg på nattbussen til Gardermoen, der flyet går heim til Nepal i morgon.

Sherpa byggjer sti for å berge ut sauer i Luster

BRATT: Sherpaene bygde sti gjennom ei 300 meter lang og bratt steinurd.

Foto: Privat

– Dette er ein mellombels sti, så no kan sauene komme seg lett ned att frå fjellet. Vi flytta litt på dei store steinane og gjorde den lettare å gå på, fortel Ang Tshering.

Krevjande arbeid

Sherpa som bygde sti i Luster

RØYNDE: Ang Tshering (fremst) seier arbeidarane delte seg i to grupper og jobba mot kvarandre. – No kan i alle fall sauene komme lett ned, seier han.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Dei røynde stibyggjarane bygde 300 meter sti, der 200 gjekk gjennom ei bratt steinur. Med fare for steinar som kan rase, og elva fossande forbi like nedanfor, vart det eit krevjande arbeid.

– Det var rørande å sjå på. Eg var budd på at vi skulle ta det verste partiet sjølve, men eg var ikkje klar over kor raskt dei arbeidde, seier Fuglesteg.

Også Kjell Einar Ormberg vart imponert over arbeidet sherpaene gjorde for at han skulle få heim sauene.

– Dei brukte tre timar på vegen gjennom ura. Det var omtrent som dei brøytte seg fram. Det var moro å sjå på, seier han.

Mista nattesøvnen

Sherpa byggjer sti for å hente ut sauer i Luster

TAKKSAM: Rune Fuglesteg (t.h.) var takksam for arbeidet til sherpaene. – No skal det bli godt å få sauene heim att.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ormberg var ein letta mann då den siste steinen vart lagt ned, og stien stod ferdig. Den same steinen symboliserte ei tung bør som fall frå skuldrene.

– Eg har ikkje vore meg sjølv dei siste dagane. Situasjonen har teke nattesøvnen frå meg. Det har nok andre merka også. No kan eg senke skuldrene og slappe av, seier han og ser fram til å få sauene heim att.

– Det vil nok gå fleire dagar med gjeting, men no har vi veg så vi får tatt dyra ut att. Det er heilt fantastisk at dei fekk dette til, seier han.