Hopp til innhold

Avslører stadig meir ulovleg transport - talet politimeldingar har mangedobla seg på få år

Statens vegvesen politimelder stadig fleire saker der utanlandske transportørar har drive ulovleg transport i Norge. Sidan 2011 har talet politimeldingar mangedobla seg.

Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon

KONTROLL: Statens vegvesen sine kontrollørar avdekker stadig fleire saker der utanlandske firma har utført ulovleg transport i Norge. (Biletet viser kontrollørane Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon i Lærdal ved eit tidlegare høve).

Foto: Anna Gytri / NRK

Det blir stadig fleire utanlandske vogntog å sjå langs norske vegar. Dei kan komme til landet med alt frå frukt til industrigods, og etter å ha køyrt over grensa kan dei seinare ta på seg oppdrag mellom destinasjonar i Norge.

Men dei utanlandske selskapa kan ikkje utan vidare ta på seg oppdrag innanlands, og må følgje strenge reglar.

Det er det ikkje alle som bryr seg med, og Vegvesenet avdekker stadig meir ulovleg transport, så kalla ulovleg kabotasjekøyring.

22 saker – berre i vest

I 2011 hadde Vegdirektoratet registrert 13 politimeldingar fram til og med 1. november det året. Tal Vegdirektoratet henta inn i haust viste at det i løpet av 2012 og fram til og med november 2013 var registrert 75 politimeldingar.

Berre i region Vest, som består av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, politimelde dei i løpet av fjoråret 22 saker. Det er altså nesten det doble av talet på landsbasis for to år sidan.

– Alle sakene som er avdekte i region Vest har blitt avgjort med førelegg som dei utanlandske selskapa har akseptert. Men det er nok fleire saker enn desse 22, seier seksjonsleiar for køyretøy i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal.

– Så desse 22 sakene kan vere berre toppen av eit isfjell?

– Eg kan ikkje seie verken ja eller nei, men vi trur det, seier Gausdal.

Stadig fleire land kan drive transport i Norge

I fleire år har den norske lastebilnæringa kravd meir fokus på problemstillinga rundt såkalla kabotasjekøyring, altså at utanlandske transportørar tek på seg oppdrag i Norge.

Reglane seier at utanlandske transportørar må ta seg inn over grensa med internasjonal lass, før dei kan ta på seg inntil tre oppdrag i Norge. Desse oppdraga må skje innafor ein periode på sju dagar, og det blir også stilt krav om at oppdraga er av tilfeldig karakter. Etter denne perioden må utlendingane ut av landet igjen.

Over tid har stadig fleire land fått tilgang til å drive slik transport, i 2009 vart det til dømes opna opp for at transportørar frå Polen, Tsjekkia og Slovakia kunne drive transport i Norge.

Norske sjåførar har frykta for jobbane sine i konkurransen mot lågare lønna utanlandske sjåførar, og den norske næringa har bede politikarane ta grep.

Både Vegvesenet sine utekontrollørar og Vegdirektoratet har for lengst vedgått at regelverket for slik køyring er komplisert, og at det difor er vanskeleg å avdekke lovbrot.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thormod Gausdal
Foto: Anna Gytri / NRK

– Dette er omfattande arbeid

Og politikarane og vegstyresmaktene har ikkje sete med hendene i lommene. Litt etter litt har dei teke grep. Frå sommaren 2011 kom det til dømes strengare krav om kva dokumentasjon dei utanlandske transportørane må ha med seg. Dette har gjort det litt enklare for Vegvesenet sine kontrollørar å gjere jobben.

Men framleis blir utekontrollørane sett på prøve når dei skal prøve nøste opp i tal oppdrag og kor lenge utanlandske vogntog har vore i landet.

– Dette er kompliserte forhold, og det er utfordrande å avdekke ulovleg kabotasjekøyring. Det er omfattande arbeid, men det blir gjort, seier Thormod Gausdal som er ansvarleg for Vegvesenet sine kontrollstasjonar i Sogn og Fjordane, i tillegg til på Voss, Seljestad og Odda i Hordaland.

– Kvifor er det viktig å kontrollere at det ikkje skjer ulovleg transport i Norge av utanlandske aktørar?

– Det er EU-reglar som regulerer kor mykje dei kan køyre i Norge i løpet av ei veke, og det vil vere konkurransevridande om dei kan køyre for mange tilfeldige transportar i Norge, seier Gausdal.

Allereie i 2011 var region Vest langt framme i statistikkane over politimelde saker. Av dei 13 sakene som var politimelde på landsbasis var sju av dei avdekte i region Vest. Norges Lastebileigarforbund skrytte då av regionen, og håpte andre regionar ville følgje etter.

Bøter på mellom 15.000,- og 30.000,-

Alle dei 22 sakene som er politimelde i region Vest i løpet av 2013 er blitt avgjort med bøter. Gausdal seier dei fleste av desse er i storleiken 15.000 kroner til 30.000 kroner.

– Alvorsgraden i brota på reglane varierer frå ein og to transportar for mange, til ganske mange fleire enn dei tre som er lov, seier Gausdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontroll på Håbakken

STOGGA HER: Mange av politimeldingane for ulovleg transport har kome etter at kontrollørane på Håbakken ved E16 i Lærdal har teke sjåførane sine papir nærare i augesyn.

Foto: Anna Gytri / NRK

Må betale 900.000,- for ulovleg transport

Men politiet har også gått langt hardare til verks når dei har bøtelagt utanlandske firma for ulovleg transport i Norge.

Like før jul i 2011 stogga Statens vegvesen to lastebilar frå Litauen, den eine på Voss og den eine i Lærdal. Begge vart politimelde for ulovleg transport, og fekk bøter på 100.000 kroner kvar. Den eine bota vart vedteken eit halvår etterpå, medan politiet jobba vidare med sikte mot rettssak i den andre saka.

Denne veka melde tungt.no at dei to litauiske selskapa som stod bak transportane har fått bøter på 400.000 kroner og 500.000 kroner for omfattande brot på kabotasjereglane.

Politiadvokat Anders Johnsen ved seksjon for organisert kriminalitet i Hordaland politidistrikt seier til NRK.no at politiet meiner dei to selskapa har vore saman om ein del av dei ulovlege forholda. Difor er det viktig med straff som svir.

– Vi må ha eit visst beløp på bøtene, for vi ser på forholda som økonomisk motiverte. Då er det på plass at det blir reagert på bøter i denne storleiken, seier Johnsen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety

MÅ INNOM: Når slike skilt lyser langs norske vegar er alle tunge køyretøy pliktige til å svinge innom.

Foto: Anna Gytri / NRK

Følgjer opp signala frå ministeren

Fleire samferdsleministrar har lova å sjå nærare på problemstillinga. Allereie i 2009 sa dåverande minister Liv Signe Navarsete at ho skulle ha fokus på dette.

På eit møte med den norske transportnæringa våren 2013 sa dåverande samferdsleminister Marit Arnstad at det måtte ei innstramming til, og etter at Frp fekk ministeren med Ketil Solvik-Olsen i fjor haust har han lova det same.

Og i Vegvesenet har dei merka ei endring. Dei har følgd opp signala frå politikarane om å ha stadig meir fokus på ulovleg transport gjort av utanlandske transportørar.

– Etter ønskje frå samferdsleministeren, både den tidlegare, og den nye, har vi no fokus på dette. Våre kontrollørar har alltid dette i bakhovudet når dei kontrollere køyre- og kviletid hos utanlandske sjåførar, seier Gausdal.

Han meiner mangedoblinga i talet politimeldingar av ulovleg transport viser at problemstillinga har blitt teken tak i.

– Vi har auka opp vår aktivitet og fokus. Vi blir stadig betre, vi avdekker meir, og det kan også betyr at det blir ein auka aktivitet innanfor ulovleg kabotasjekøyring, seier Gausdal.

Og den norske lastebilnæringa på Vestlandet gler seg over at Vegvesenet i Vest har fokus på problemstillinga. Fylkesleiarane i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane og Hordaland seier det er svært viktig at det blir slått ned på ulovleg transport.