Hopp til innhold

Kontrollane er tidkrevjande og vanskelege - men Vegvesenet lovar å følgje opp

Samferdsleministeren strammar tøylane for utanlandsk transport i Norge. Langs ei av dei mest trafikkerte ferdselsårene mellom aust og vest lovar Vegvesenet å følgje opp.

Thormod Gausdal

KONTROLLAR: Thormod Gausdal i Vegvesenet seier dei har fokus på kontrollar opp mot mogleg ulovleg transport utført av utanlandske transportørar.

Foto: Anna Gytri / NRK

Dei seinare åra har det blitt stadig fleire utanlandske lastebilar langs norske vegar. Det er strenge reglar for korleis dei kan ta på seg oppdrag innanlands, men kontrollen av såkalla kabotasjekøyring er vanskeleg.

Den norske lastebilnæringa har lengde kravd meir fokus på problemstillinga og auka kontrollar, og på eit møte i dag lova samferdsleminister Marit Arnstad ei innstramming. Ifølgje Norges Lastebileigarforbund skal ministeren mellom anna ha erkjent at det må auka kontrollar til for å sikre like konkurransevilkår.

Thormod Gausdal i Vegvesenet er ansvarleg for kontrollane på E16 ved Håbakken i Lærdal. Han lovar at dei skal følgje opp.

– Det at vår øvste leiar, samferdsleministeren, tek tak i dette, og signaliserer at dette er eit område vi skal ha fokus på, det gjer det lettare for oss å følgje opp dei kontrollane vi har på ein betre måte, seier Gausdal som er seksjonsleiar på avdelinga for trafikant og køyretøy i Sogn.

Strenge reglar

Gausdal er mellom anna ansvarleg for kontrollverksemda som Statens vegvesen har på kontrollstasjonen Håbakken på E16 i Lærdal.

Mykje av tungtrafikken aust-vest går forbi her, i rundkøyringa like ved reknar ein med at det rundar 650 tyngre køyretøy i døgnet. Mange av dei utanlandske.

Men utanlandske transportørar kan ikkje utan vidare ta på seg oppdrag i Norge. Reglane seier at dei først må kome til Norge med eit internasjonalt lass, og så kan dei ta på seg tre oppdrag innanfor sju dagar.

Deretter må dei ut av landet. Reglane krev også at oppdraga utlendingane tek på seg innanlands er av tilfeldig karakter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon

KONTROLL: Kontrollørane til Vegvesenet sjekkar alt frå køyre- og kviletid, teknisk stand på køyretyet, men også kor vidt utanlandske transportørar driv med lovleg transport i Norge.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vanskeleg og tidkrevjande å kontrollere

Men slike kontrollar er vanskelege. Det har både Vegvesenet og Vegdirektoratet for lengst vedgått. Kontrollørane må ofte stikke fram detektivnasen for å faktisk finne ut om dei utanlandske transportørane er ute på eit såkalla lovleg kabotasjeoppdrag eller ikkje.

– Dette er ikkje lett å avdekke. Det er eit arbeid som tek tid og det er vanskeleg. Vi må ha teft, og gjerne mistanke om at det er noko gale, med bakgrunn i lasta og distansen som sjåføren har lagt bak seg. Deretter må vi nøste opp i køyreturane.

– Det er ikkje alltid sjåførane er like hjelpsame før dei forstår at vi er på sporet av noko, seier Gausdal.

Får bøter

Og dei har kome på sporet. Fleire gonger. For berre to veker sidan skreiv politiet ut tre bøter til utanlandske firma stogga på Håbakken i Lærdal. Alle for ulovleg transport i Norge.

To av dei hadde ikkje hatt med seg lass inn til landet slik det er krav om, eit problem tollvesenet på grensa også har merka seg.

Kjempar for like konkurransevilkår

Norges Lastebileigarforbund har fleire gonger kravd fleire kontrollar opp mot utanlandsk transport i Norge. Dei fryktar det går føre seg mykje ulovleg utanlandsk transport i Norge, og fryktar dette i verste fall kan råke norske arbeidsplassar hardt.

Utanlandske firma som tek på seg oppdrag i Norge kan ofte tilby ein heilt anna pris, og dei har lågare lønningar til sine sjåførar. I motsetnad til sine norske kollegaer slepp dei også unna skattar og avgifter, og bompengar.

Administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund, Geir A. Mo, har tidlegare sagt at kampen for like konkurransevilkår er ein av dei aller viktigaste for forbundet.

– Utan lastebilen stoggar Norge opp, men dei lastebilane som køyrer her skal operere innanfor like vilkår og konkurransevilkår, men slik er det dessverre ikkje i Norge.

– Det kan ikkje vere slik at utanlandske selskap kan snike seg unna bompengar, ferjeutgifter og kontrollar, momsbetaling og skatt og avgifter, har han tidlegare sagt til NRK.no.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I dag klokken 12 startet Norges Lastebileier-forbund en 24 timers landsomfattende telleaksjon. ALLE vogntog skal telles. Hensikten er å vise at det er flere utenlandske vogntog enn offentlige tall viser - og at mange av disse vogntog-sjåførene driver ulovlig transport rundt i Norge. Svinesund var ett av tellestedene.

Teller utanlandske vogntog

– Vi har fokus på dette

Også Gausdal veit at den norske transportnæringa vil at dei skal ha meir trykk på kontrollar av kor vidt utanlandske transportørar køyrer ulovleg i Norge eller ikkje.

– Har dokke nok trykk på slike kontrollar?

– Det avheng nok av auget som ser. Vi har dette med oss heile tida, og vi har avdekka fleire tilfelle av ulovleg kabotasje. Det betyr ikkje at vi greier avdekke alle forhold, men vi har eit fokus på dette og følgjer det opp, seier han til NRK.no.

Ukjent med omfanget av ulovleg transport

Sist veke stilte norske lastebileigarar landet rundt seg opp i grøfta på nær 20 plassar over heile landet. I eitt døgn talde dei kor mange utanlandske og norske lastebilar som køyrde forbi. Resultatet var at kvar tredje lastebil var utanlandsk.

– Resultatet underbyggjer langt på veg vår påstand om at norsk landtransportnæring er under sterkt press, sa administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund Geir A. Mo om resultatet.

Gausdal i Vegvesenet er ikkje overraska over tala.

– Det er ikkje overraskande. Ut frå våre kontrollar, så ligg vi vel på ein 30–40 prosent utanlandske køyretøy, seier han.

Men talet på utanlandske bilar på norske vegar kan ikkje utan vidare seie noko om omfanget av ulovleg utanlandsk transport. Lastebileigarforbundet fryktar det skjer i stor skala, Gausdal synest det er vanskeleg å seie noko om det stemmer eller ikkje.

– Vi kan ikkje seie noko om det er mykje eller lite. For 14 dagar sidan avdekka vi tre ulovlege forhold. Det kan vere like mykje tilfeldig, som at det er ein auke. Men vi har slike saker med jamne mellomrom på Håbakken, seier kontrollsjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Samferdsleminister Marit Arnstad opna nyevegen på E39

TILTAK: Samferdsleminister Marit Arnstad varslar tiltak som skal sikre likare konkurransevilkår i transportnæringa.

Foto: Alf Vidar Snæland

Minister varslar tiltak

Samferdsleminister Marit Arnstad møtte i dag representantar frå både Norges Lastebileigarforbund, Transportarbeidarforbundet og NHO Logistikk og transport. Tema var nettopp kabotasjekøyring. Ministeren varslar no tiltak for å sikre meir like konkurransevilkår i transportnæringa.

Ei presisering i forhold til den grensekryssande transporten er noko av det.

– For å drive kabotasje, er føresetnaden at ein utanlandsk transportør først har frakta last over den norske grensa. For å unngå misbruk av denne ordninga, vil departementet difor presisere at transport utan reell last ikkje kan sjåast som ein internasjonal transport som gir tiltalt til etterfølgjande kabotasje, seier Arnstad.

Får endeleg utteljing

Norge vil også drøfte med EU-kommisjonen om ein meir snever definisjon av kabotasjegrepet er mogleg med tanke på EØS-retten. Ministeren viser også til at dei jobbar vidare med innføre krav om obligatorisk bompengebrikke i alle tunge køyretøy, også utanlandske.

I Lastebileigarforbundet gler dei seg over det som har kome ut av møtet.

– Eit positivt møte der vi ei stadfesting på at NLF sitt engasjement for kabotasjesaka er begynt å gje utteljing, seier forbundsleiar Per Madsen til forbundet sine eigne nettsider.

Her i fylket meiner Gausdal at dei allereie har bra trøkk på kontrollar i forhold til utanlandsk transport. At Arnstad varslar ei innstramming trur han ikkje betyr at dei får meir ressursar.

– Vi har dei ressursane vi har, og vi er ute så mykje som vi kan, på ulike tider av døgnet. Men det er klart at dette er eit signal vi skal følgje opp, seier Gausdal.