Hopp til innhold

Utanlandske vogntog kan køyre ulovleg i Norge

Utanlandske vogntog kan køyre ulovleg i Norge - Statens vegvesen vedgår at det er vanskeleg å handheve reglane.

Utanlandsk vogntog passerer på riksveg 3 over Kvikne.

KAN KØYRE ULOVLEG: Utanlandske vogntog får køyre ulovleg i Norge.

Foto: Øyvind André Haram / NRK

Reglane for korleis utanlandske transportørar kan drive transport i Norge, er så kompliserte at det er vanskeleg for vegvesenet å handheve dei.

Uroa for tryggleiken

Omlag 100 vegar på Vestlandet har vore stengde på grunn av fastkøyrde vogntog i vinter - mange av dei utanlandske.Dagleg leiar i Byrknes Auto i Gulen, Stein Inge Larsen, er uroa over tryggleiken.

– Reglane fører til fleire ulykker, utforkøyringar og meir kaos i trafikken. Det vil også føre til at vi får færre norske transportselskap, seier Larsen.

Det finst strenge reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge - såkalla kabotasje; eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

– Eit slikt regelverk er vanskeleg å kotrollere, seier Larsen.

– Vi er på lite på vegen

Og Statens vegvesen vedgår at reglane er kompliserte. Det kan vere litt av eit detektivarbeid å finne ut kor dei utanlandske bilane har vore.

Inspektør Bjarte Frækaland i Sogn og Fjordane seier dei samlar inn den informasjonen dei kan.

Vogntoga har som regel fraktbrev med seg. I tillegg vert vogntog som vert kontrollerte førte inn i vegvesenet sitt eige datasystem. Slik kan vegvesenet ved ein kontroll ein annan stad i Norge finne ut kor og kor tid eit vogntog var ein annan plass. Men kontrollen er vanskeleg, og det er ikkje lett å kontrollere alle.

– Vi har ofte kontrollar, men vi er for lite på vegen for å følge opp desse reglane skikkeleg, seier Frækaland.

Også i Vegdirektoratet vedgår dei at reglane er utfordrande. Men dei viser til at regelverket er stramma inn og at dei gjer så godt dei kan.

Fryktar for jobben

Lastebileigar Stein Inge Larsen hevdar omfanget av ulovleg kabotasjekøyring er stort, og på sikt vil dette føre til kroken på døra for norske selskap.

– Dei utanlandske transportørane utkonkurrerer oss på pris. Dersom dei berre får styre på og køyre ulovleg, så fryktar eg at mange norske selskap mistar arbeidet sitt, seier Larsen.