Hopp til innhold

Desse skilta lyser stadig oftare på kveldane, om nettene og i helgene

Det blir stadig fleire kontrollar av tunge køyrety på kveld, natt og i helgar. Statens vegvesen seier dette er heilt nødvendig, og viser til at det blir stadig meir trafikk på desse tidspunkta.

Skilt som varslar kontroll på Håbakken i Lærdal

OFTARE PÅ NATTA: Vegvesenet har no stadig oftare kontroll på kveld, natt og i helger. Her varslar skiltet at det er kontroll på Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Sjåførane har stramme tidsplanar og køyrer på alle tidspunkt av døgnet, seier senioringeniør Tore Eikeland i Statens vegvesen region Vest.

Meiner det er heilt nødvendig

Vegvesenet er no stadig oftare på plass på kontrollstasjonane langs vegane, og medan dei før hadde relativt få kontrollar av tunge køyrety på kveld, natt og i helgar har dette no blitt annleis.

– Vi ser at når vi no har auka aktiviteten på natt og utanom normal arbeidstid, så tek vi fleire som har feil ute i trafikken, seier Eikeland.

Når Vegvesenet legg planar for kontrollaktiviteten av tunge køyrety legg dei no opp til at fleire av kontrollane skal vere på kveld, natt og i helgar. Eikeland seier dette er heilt nødvendig.

– Samfunnet har endra seg. Varene skal fram til gitte tidspunkt, det er små lager rundt om kring, og varene rullar på hjul heile tida, seier han og viser til at det er viktig for dei å vere til stades i trafikken på alle moglege tidspunkt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontroll på Håbakken

LYS I BUA: På kontrollstasjonen i Lærdal er det no oftare kontrollørar tilstades på kveld og natt.

Foto: Anna Gytri / NRK

Har oppdaga grove feil

På kontrollstasjonane rundt om kring i landet blir det kvart år stogga tusenvis av vogntog, semitrailerar og bussar.

Kontrollørane sjekkar om køyretya har bremsene i orden, om lasta er sikra slik den skal, om bilen har overlast eller om sjåføren har fått den pausen han skal ha. Berre for å nemne noko.

Tore Eikeland

VIKTIG: Tore Eikeland i Statens vegvesen seier det er viktig for dei å ha kontrollar på ulike tidspunkt av døgnet.

Foto: Anna Gytri / NRK

Etter at fleire av kontrollane vart flytta til kveld, natt og helg har Vegvesenet sett umiddelbare resultat. Både norske og utanlandske sjåførar har blitt stogga.

– Vi har fått nokre grove tilfelle på laurdagar og søndagar, som gjer at vi er litt skremte, seier Eikeland til NRK.no.

– Dette går på feil på bremser og lastesikring, og det er ikkje bra for trafikktryggleiken, seier han.

Kor vidt dei som blir stogga med feil og manglar i helgane har køyrt på desse tidspunkta fordi dei reknar med at det ikkje er kontroll kan ikkje Eikeland svare på.

– Det blir spekulasjonar. Uansett likar vi ikkje utviklinga. Dei må gjerne køyre, men det må skje i lovlege former, seier han.