Hopp til innhold

Etterforskar enno ulovleg transport - ti månader etter politimeldinga

Politiet etterforskar framleis saka der eit litauisk transportselskap skal ha utført ulovleg transport i Norge. Ein eventuell tiltale i saka blir den første av sitt slag, og etterforskinga har vore både krevjande og vanskeleg.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

AVSLØRTE FLEIRE SAKER: Statens vegvesen sine kontrollørar på Håbakken i Lærdal avslørte i fjor ei rekkje saker der utanlandske transportselskap driv med ulovleg transport i Norge. Politiet jobbar framleis mot ein tiltale mot eit av selskapa.

Foto: Statens vegvesen

Like før jul i fjor stogga Statens vegvesen to lastebilar frå det litauiske transportselskapet, den eine på Voss og den andre i Lærdal.

Vegvesenet politimelde selskapet for ulovleg transport i Norge og politiet svara med å skrive ut to bøter på 100.000 kroner kvar. Selskapet nekta betale, men etter fem månader ombestemte dei seg og betalte bota som vart skriven ut i Lærdal.

Politiadvokat Line Skjengen i Hordaland politidistrikt har jobba med sakene sidan starten, og seier dei framleis jobbar mot ein eventuell tiltale mot selskapet. Det har kome til fleire nye saker der politiet meiner selskapet har drive ulovleg transport i Norge.

– Dette er snakk om omfattande brot på lovgivinga, seier Skjengen til NRK.no.

– Det går ut over norske selskap

Utanlandske transportørar må rette seg etter strenge reglar når dei skal drive transport innanlands i Norge. Dei såkalla kabotasjereglane seier noko om kva som er lov og ikkje.

Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

Dei to bilane som Vegvesenet stogga i Lærdal og på Voss før jul hadde ikkje følgd desse reglane, meinte Vegvesenet som sendte sakene vidare til politiet.

Tidlegare har mange slike saker blitt lagde vekk, men det skjedde ikkje denne gongen. I staden skreiv politiet ut saftige bøter og lova at dei skulle ta tak i problemstillinga.

– Kvar av desse ulovlege transportane går ut over norske selskap. Dei utanlandske selskapa har lågare lønningar, dei betaler heller ikkje vegavgift eller bompengar, sa Skjengen til NRK.no den gong.

– Dei kan dermed tilby langt billegare transport enn det norske selskap kan. Vi er nøydde til å sjå nærare på dette for å finne ut kor stort omfanget er.

Uklart kven som står bak transporten

I slutten av mai bestemte det litauiske selskapet seg for å likevel betale den eine bota. Dermed vart denne saka avslutta.

Men den andre bota er framleis ikkje betalt, og sidan desember i fjor har det kome inn fleire nye politimeldingar der Vegvesenet meiner selskapet står bak ulovleg transport i Norge.

Politiadvokat Line Skjengen seier etterforskinga av saka har vore vanskeleg, mykje fordi det har vore uklart kva selskap som eigentleg har utført transportane.

– Eit generelt problem i desse sakene er at det står namn på forskjellige selskap på fraktbreva som sjåførane har med seg i bilane. Difor jobbar vi framleis å avklare kven som faktisk har utført transporten, seier Skjengen til NRK.no.

Tidkrevjande etterforsking

Då NRK snakka med Skjengen i byrjinga av juni sa ho at ho håpa at saka ville komme opp for retten i haust. No nærmar det seg ti månader sidan saka vart politimeld før jul, men ein eventuell tiltale ligg framleis noko fram i tid.

– Truleg blir det ikkje teke ut noko tiltale før etter jul, eventuelt kan det bli snakk om å skrive ut eit samla førelegg for dei sakene vi har etterforska, seier Skjengen.

Den kanskje viktigaste årsaka til at det har teke tid å etterforske sakene er at politiet har lite eller ingen kunnskap om denne typen saker.

– Vi har ikkje noko erfaring med det, og då tek det tid. Både for juristane og for dei etterforskar sakene, seier Skjengen til NRK.no.

Vil utarbeide rutinar

Politiadvokaten seier vidare at det no blir laga rutinar for korleis politiet og Statens vegvesen skal handtere denne typen saker når dei stoggar utanlandske vogntog som dei meiner driv ulovleg transport i Norge.

– Då vil ein ha ei liste over ting som må gjerast på staden, då vil etterforskinga i etterkant gå mykje raskare, seier politiadvokaten.

Skjengen fortel at dei også vurderer om alle slike saker skal etterforskast ved seksjonen for økonomisk kriminalitet.

Norges Lastebileigarforbund har ved fleire høve kravd at Vegvesenet og politiet slår hardare ned på ulovleg innanlandstransport utført av utanlandske aktørar. Dersom det blir teke ut tiltale mot det litauiske transportselskapet blir dette den første av sitt slag.

Då NRK snakka med sjefen i det litauiske selskapet i desember i fjor sa han at dei hadde god kjennskap til dei såkalla kabotasjereglane, og at dei meinte dei køyrde lovleg i Norge.