– Det blir veldig lange dagar. Vi blir slitne når vi jobbar så mange timar om dagen.
Det seier drosjesjåfør Yuusuf M. Sheekh. Han må førebu seg på enda ei veke med stor pågang. Rutebussane i Nedre Glomma er framleis innstilte.
Måndag førre veke tok ein gassbuss fyr i Sarpsborg. Brannen starta i ein buss på ein oppstillingsplass ved Bede, men spreidde seg raskt til fleire parkerte bussar.
Østfold kollektivtrafikk ventar på teknikarar som skal undersøke bussbrannen i Sarpsborg. I Nedre Glomma er rutebussane innstilte denne veka òg.
Ein spesiell situasjon
– Vi tok ei samanlikning av førre veke i fjor med førre veke i år, og det er tre gonger så mykje venting i år, seier Jens Haug Onshuus.
Han er dagleg leiar i Taxisentralen AS. Dei opplever stor pågang av kundar etter at bussane blei innstilte. Den første veka var ei påkjenning, seier han.
– Den var slitsam, mykje venting for sjåførane våre. Det gir oss store utfordringar for å få folk fram.
Han fortel at folk også avlyser turane, sidan det tar for lang tid.
Slit med å få tak i nok folk
Det er vanskeleg for oss å bygge opp kapasiteten, seier Onshuus.
Han fortel at det generelt er ei utfordring å få tak i nok sjåførar.
– Det gjeld heile bransjen, det gjeld bussbransjen, det gjeld transportbransjen og andre taxiselskap. Det er veldig vanskeleg.
Pågangen har vore spesielt stor etter at bussane blei innstilte i Nedre Glomma.
– Telefonane her er rødglødande heile dagen. Det er veldig uheldig at det er slikt. Vi kjem ikkje fram tidsnok, så det er berre å beklage.
Han fortel at det er vanskeleg å planlegge for tida framover. Dei må prioritere allereie bestilte turar som går på kontraktar. Han merkar at pågangen tærer på sjåførane.
– Det er mykje slitne taxisjåførar her om dagen, det er det ingen tvil om, seier Onshuus.
Må førebu seg på enda ei veke
Måndag denne veka fortalde dagleg leiar for Østfold Kollektivtrafikk Børre Johnsen at folk må førebu seg på ei veke til utan rutebussar.
– Det kjem fleire teknikarar og ingeniørar, som skal prøve å finne ut kor den direkte feilen er, seier Johnsen.
Trass i hektiske dagar med mykje pågang opplever drosjesjåføren Yuusuf M. Sheekh at kundane stort sett er tolmodige.
– Nokon er stressa, men dei fleste har forståing for at vi er i ein spesiell situasjon, seier Sheekh.