Hopp til innhold

Lastebilsjåfør må betale 30.000,-

Turen forbi Håbakken kontrollstasjon vart av den dyre sorten for sjåføren av det utanlandske vogntoget.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STOGGA HER: Det var her på Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal at lastebilen vart stogga i natt.

Foto: Statens vegvesen

Natt til tysdag vart eit nederlandsk vogntog stogga på Statens vegvesen sin kontrollstasjon på E16 ved Håbakken i Lærdal.

Der fann dei raskt ut at ikkje alt var som dei skulle, og etter å ha sett gjennom papira til sjåføren vart han meld for ulovleg godstransport i Norge.

Det er strenge reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge, såkalla kabotasje. Når eit utanlandsk vogntog køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan det etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser.

Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

I tilfellet som vart oppdaga i natt hadde sjåføren vore i Norge i 12 dagar og hadde køyrd fire turar. Vegvesenet melde saka til politiet, og dei har tysdag ettermiddag skrive ut eit førelegg på 30.000 kroner til sjåføren.