Det seier fylkesleiarane i Norges Lastebileigarforbund i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei gler seg over at Vegvesenet politimelder stadig fleire saker der utanlandske firma blir ferska for å ha drive ulovleg transport i Norge.
Berre i region Vest, som består av fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland, var det 22 politimeldingar av såkalla ulovleg kabotasjekøyring i 2013.
- LES OGSÅ:
– Vegvesenet i Sogn og Fjordane og Hordaland har vore veldig flinke på å oppdatere seg på korleis dei skal avdekke slike saker. Dei har flinke folk, og er blitt gode på dette, seier fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Rolf Olaf Tenden.
Kollegaen i Hordaland er av same oppfatning.
– Kontrollørane på Vestlandet er blitt flinke til å luke ut dei som driv med ulovleg transport. Dei andre kontrollstasjonen burde teke seg ein tur over hit for å sjå korleis dei gjer det, seier fylkesleiar i Hordaland, Jan Ove Halsnøy.
(Artikkelen held fram under)
VIKTIG: Rolf Olav Tenden seier det er godt å sjå at Vegvesenet slår ned på ulovleg transport.
Foto: Birger Meland / NRKStrenge reglar
Utanlandske firma kan ikkje drive transport i Norge som dei vil. Dei må rette seg etter strenge reglar som seier at dei må ta seg inn over grensa med internasjonal lass, før dei kan ta på seg inntil tre oppdrag i Norge.
Desse oppdraga må skje innafor ein periode på sju dagar, og det blir også stilt krav om at oppdraga er av tilfeldig karakter. Etter denne perioden må dei ut av landet igjen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Politimelder stadig fleire
Men ikkje alle bryr seg med dette, og Vegvesenet politimelder stadig fleire for brot på desse såkalla kabotasjereglane.
I 2011 hadde Vegdirektoratet registrert 13 politimeldingar fram til og med 1. november det året. Tal Vegdirektoratet henta inn i haust viste at det i løpet av 2012 og fram til og med november 2013 var registrert 75 politimeldingar.
Berre i region Vest, som består av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, politimelde dei i løpet av fjoråret 22 saker. Det er altså langt meir enn talet for heile landet i 2011.
– Alle sakene som er avdekte i region Vest har blitt avgjort med førelegg som dei utanlandske selskapa har akseptert. Men det er nok fleire saker enn desse 22, seier seksjonsleiar for køyretøy i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal.
– Så desse 22 sakene kan vere berre toppen av eit isfjell?
– Eg kan ikkje seie verken ja eller nei, men vi trur det, seier Gausdal.
(Artikkelen held fram under)
GLER SEG: Jan Ove Halsnøy er fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane.
Foto: Kjetil Rydland / NRK– Dette varmar eit transporthjarte
Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane trur mange saker i Vest også kan ha si forklaring i at mange utanlandske firma køyrer på Vestlandet.
– Du har ein stor aust-vest trafikk av bilar som kjem frå utlandet, og mange av dei passerer til dømes kontrollstasjonen på E16 ved Håbakken. Det er hovudfartsåra inn i både Sogn og Fjordane og Hordaland, seier Tenden.
Kollegaen i Hordaland gler seg over det han meiner blir eit sunnare miljø for konkurransen innan transportnæringa.
– Det varmar eit transporthjarte å sjå at det ikkje svarar seg å drive ulovleg transport. Når vi får luka vekk dei som driv ulovleg får vi ein sunnare konkurranse.
– Konkurranse er noko vi ønskjer hjarteleg velkommen, men det må vere basert på like vilkår, seier Halsnøy.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fryktar mørketal
Over tid har det blitt opna opp for at stadig fleire land kan drive med transport i Norge, og i mange år har norske sjåførar fryktar for jobbane sine. Utanlandske firma kan drive med lågare kostnader, lågare lønningar, og slepp mellom anna unna bompengar.
Problemstillinga med ulovleg transport gjort av utanlandske firma er difor hyppig diskutert blant norske sjåførar, seier Halsnøy.
– Dette er jo med på å sette deira arbeidspassar i fare, og alle sjåførar er opptekne av arbeidsplassen sin, seier han.
Han trur det er langt fleire tilfelle av ulovleg transport enn dei som blir avdekte.
– Eg trur det er store mørketal her, og at dette berre er toppen av isfjellet. Om ein hadde hatt fleire kontrollar trur eg vi kunne ha mangedobla dette talet, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ønskjer endå fleire kontrollar
Både Halsnøy og Tenden vil ha endå fleire kontrollar av tunge køyretøy for å avdekke brot på kabotasjereglane.
– Den nye samferdsleministeren verkar som ein oppegåande fyr som set seg grundig inn i sakene. Vi er opptekne av kontrollar, og ser ikkje negativt på å få fleire av dei.
– Det er også den einaste måten vi i den norske delen av næringa kan bli betre, for vi må også skjerpe oss, seier Tenden.
Kontrolltala frå Vegvesenet viser til dømes at det prosentvis er fleire av dei kontrollerte norske sjåførane som blir melde for brot på køyre- og kviletida enn dei norske.
- LES OGSÅ: