Hopp til innhold

– Eg er freista til å skyte ned eit helikopter

LÆRDAL (NRK) Miljøkrigar Kurt Oddekalv er på krigsstien att, denne gong mot nedskytinga av villreinen i Nordfjella. Måndag eggja han lokalbefolkninga til kamp.

Kurt Oddekalv

PÅ KRIGSSTIEN: Miljøkrigaren Kurt Oddekalv vil stogge nedskytinga av villreinen i Nordfjella.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det måtte blitt å skyte ned eit helikopter, men eg vil ikkje hamne på lista over dei som er «most wanted» i Norge, så eg gjer ikkje det. Du kan vere trygg på at eg ikkje gjer det, men det er det eg er mest freista til å gjere, fyrte Oddekalv laus til NRK før folkemøte måndag kveld.

Norges Miljøvernforbund saman med grunneigar Oddmund Einemo tromma måndag til folkemøte om styresmaktene si nedskyting av villreinen i Nordfjella. Totalt 2200 villrein skal avlivast for å bukt med den smittsame dyresjukdomen skrantesjuke. Til det blir det brukt mellom anna helikopter.

Under møte kalla han dei frammøtte for «feigskinn», «puddingar» og at dei er «for lite sinte» overfor det han kalla inkompetente fagfolk som vel den enkle løysinga i kampen mot prionsjukdomen.

Kurt Oddekalv

FOLKEMØTE: Oddekalv kalla lokalbefolkninga for «puddingar» og «feigskinn» for at dei ikkje har reist seg mot nedskytinga før.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Kast dei ut av dalen

– De burde ha kasta dei ut av dalen dykkar for lenge sidan, sa Oddekalv, som har meldt Mattilsynet og direktoratet til politiet for saneringa i Nordfjella og for bruken av rotenon i elvane.

For Oddekalv meiner det må annan lut til mot skrantesjuka.

– Vi vil stogge nedslaktinga, stenge inne flokkane på fjellet og vente til vi har forska meir på sjukdomen – ikkje drepe alt, sa Oddekalv.

Fleire i salen gav svar.

– Dette er miljøkriminalitet av verste sort, kanskje verst i Europa, sa Anders E. Mo.

– Det er ein gedigen inngriping i norsk natur. Eg tvilar på om det er lov ein gong, sa Tore Kvamme.

Mellom dei som møtte var fleire grunneigarar og jegerar frå begge sider av Nordfjella. Dei fleste som tok ordet var samd med Oddekalv i at nedslaktinga må stoggast og at styresmaktene må finne ei anna løysing.

Kurt Oddekalv

FEKK SVAR: Oddekalv fekk svar frå dei frammøtte. Dei fleste som tok ordet ønska stogg i nedskytinga av villreinen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Uroa for dyrevelferda

Etter møte var Oddekalv nøgd med engasjementet.

– Folk i salen gjekk frå å vere ein slakk gjeng til å bli krigarar. Når folk på 80 år seier dei skal krige, så blir eg gira. Det gjer meg trygg på at vi skal vinne denne saka. Dette er dyremishandling og nedslakting av ein dyreart som har vore her i fleire tusen år.

Kjartan Knutsen i Statens naturoppsyn har tidlegare vore tydeleg på at dei har full rett til å gjennomføre aksjonen, og at Miljødirektoratet har teke høgde for moglege aksjonar.

Målet er å gjennomføre utryddinga av villreinstammen innan 1. mai neste år, og det vert brukt både helikopter og snøscooter i jakta.

Tore Kvamme frå Hønefoss hadde tatt turen til Lærdal for å vere med på folkemøtet. Han er uroa for kva slags påkjenningar villreinen blir utsett for.

– Dyra er avmagra og nesten gjennomsiktige. Her skal dei jage ville dyr på same måte som tamme dyr, seier han.

Tore Kvamme

OTTEFULL: Tore Kvamme.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Dei statlege jaktlaga ligg alt etter planen. Rekk dei det ikkje innan 1. mai, vil dei berre halde fram. Vi kan sjå for oss jaktlag som med snøscooterar jager simler som er i ferd med å kalve, der kalvane dett ut av dei, og jaktlaga må avlive nyfødde dyr, seier Kvamme.

– Dette er eit eksperiment

Olav Grøttebø har lenge markert seg som ei kritisk røyst.

– Dette er eit stort eksperiment. Eg er samd med Oddekalv i at villreinen vil klare seg godt og at naturen vil rydde opp. Det er alltid dyr som overlever og formeirar seg. Dette er matematikk og naturleg seleksjon, seier Grøttebø.

– Kvifor skal vi ikkje tru på fagfolk som meiner at dette er den beste løysinga?

Olav Grøttebø

KRITISK: Olav Grøttebø.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi veit til dømes for lite om situasjonen på Hardangervidda. Politikarane er feilinformert, dei veit ikkje kor lite Mattilsynet eigentleg veit.

– Dette bør vere ei sak for kontrollkomiteen på Stortinget. Det er ein brest i systemet at Mattilsynet sit med dyrevelferda, på same tid som dei skal drepe rein, meiner han.