Hopp til innhold

Krev at skjelpaddene blir fjerna straks

Norges Miljøvernforbund meiner skjelpaddene i Numedalslågen i Larvik er skadelege og ber Statsforvaltaren fjerne dei. Statsforvaltaren meiner dei ikkje utgjer nokon stor fare.

Skilpadder i Lågen, Larvik

Kvar einaste skjelpadde som lever fritt i norsk fauna er eit problem, meiner leiar Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Foto: Sverre Lysnes

Norges Miljøvernforbund liker ikkje observasjonen av skjelpadder i Numedalslågen i Larvik.

Dyra må fjernast og må ikkje få etablere seg i norsk natur, meiner organisasjonen.

– Eg ser ingen grunn til å vente. Det er ein framand art i norsk fauna. Vi vil ikkje at framande artar skal etablere seg, Jo fortare ein tar affære, jo meir treffsikker blir jobben, seier leiar Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Leder Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund

Leiar Ruben Oddekalv meiner skjelpaddene gjer stor skade og krev at Statsforvaltaren sørger for at dei blir fjerna frå Numedalslågen.

Foto: Norges Miljøvernforbund

Han blei kjent med saka etter at NRK skreiv at det er gjort fleire observasjonar av skjelpadder i dette området dei siste åra.

I tillegg har folk tatt kontakt med han etter å ha høyrt om skjelpaddene.

Fryktar skadar

Oddekalv fryktar skjelpaddene skal formeire seg og gjere skade på dyrelivet.

– Dei et fisk og andre skapningar som held til der. Det andre er dei effektane vi ikkje veit.

Dei fleste observasjonane av skjelpaddene er gjorde frå Holmfoss i Kvelde og vidare oppover mot Hvittingfoss.

Det er arten Raudøyreterrapin som er sett i elva.

Truleg har skjelpaddene vore haldne i fangenskap, sleppt ut eller rømt til elva, har Numedalslågen Forvaltningslag tidlegare uttalt til NRK.

Skilpadde observert i Lågen, Larvik

Det er sett skjelpadder i Numedalslågen, som kan ha rømt eller er blitt sleppt ut i elva. Bildet er frå 2021.

Foto: Sverre Lysnes

Ber Statsforvaltaren ta grep

Oddekalv har skrive eit brev til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark der han ber dei fjerne skjelpaddene straks.

Dessutan vil han at førekomsten skal kartleggast. Østlands-Posten omtalte saka først.

– Dei må organisere ei utreinsking av skjelpadder i Numedalslågen.

Han forventar at Statsforvaltaren tar skjelpaddene på alvor.

– Det er ingen grunn til å observere dei eller forske på dei. Dei må bort frå norsk fauna så fort som over hovudet mogleg, seier han.

Han kjenner ikkje til skjelpadder som har overvintra i andre elvar eller vassdrag i Noreg.

Les også Her er Norges største natur­inngrep

Collage med byggefelt

Følger med

Observasjonane av skjelpaddene er gjorde over store avstandar og utgjer ingen fare nå, meiner fagsjef Christian Geving hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Arne Christian Geving, fagsjef for miljøavdelingen Statsforvalteren Vestfold og Telemark

Fagsjef Christian Geving hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark seier dei tar observasjonane av skjelpadder på alvor, men vil først komme med tiltak viss det viser seg at bestanden er i vekst eller gjer skade.

Foto: Mads Thygesen / NRK

Raudøyreterrapin har låg risiko i framandartlista, seier han. Arten har i lita grad høve til å reprodusere seg sjølv i elva.

Det må vere samanhengande 50–60 dagar med minimum 26 grader for at egg skal klekke, seier Geving.

Så langt prioriterer ikkje Statsforvaltaren å fange skjelpadder eller kartlegge dei på grunn av avgrensa ressursar.

– Vi held oss oppdatert og følger med på situasjonen. Viss vi meiner at dette kan utvikle seg til eit problem, så kjem vi til å sette i gang tiltak. Får vi moglegheita, så kjem vi til å prøve og fange dei.

Les også – Det kan bli full stopp

Kinesisk fiskemarked

Opnar for fleire artar i elva

Leiar Nils-Olav Gjone av beredskapsteamet til Numedalslågens forvaltningslag er opptatt av å fjerne eventuelle skjelpadder i elva på ein skånsam måte.

Han seier det er gjort observasjonar på at det kan vere fleire artar skjelpadder i elva. Han kjenner ikkje til at nokon såg skjelpadder i fjor.

Det kan komme av høg vassføring, låg temperatur i elva eller dyra ikkje lenger er der. Men det siste meiner han er som å tru på julenissen.

Mykje tyder på at vi har skjelpadder i vassdraget og at vi må vere merksame på det.

Så langt i år kjenner han ikkje til at nokon har sett dei, men han forventar eventuelle tilbakemeldingar i slutten av mai eller starten av juni når det er varmare i vatnet og mindre vassføring.

Vi er i kontakt med universitetsmiljø som er interesserte i å greie ut omfanget, seier Gjone.