Hopp til innhold

Miljøaktivist Kurt Oddekalv: Vurderer aksjonar mot statleg villreinjakt

Kurt Oddekalv kjem snart til Lærdal for å mobilisere grunneigarar og folk flest til å kjempe mot den statlege villreinjakta. Miljøaktivisten vurderer ulike typar aksjonar.

Kurt Willy Oddekalv i Norges Miljøvernforbund

VURDERAR AKSJONAR: – Vi vurderar alle moglegheiter når vi først er der, seier Kurt Oddekalv. I løpet av to veker har han planar om å kome til Lærdal.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Vi vurderer alle moglegheiter når vi først er der, seier leiar i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv.

Han ønskjer ikkje å utdjupe kva slags aksjonar det eventuelt kan bli snakk om.

– Det vil eg ikkje seie noko om. Eg har aldri fortalt om aksjonar eg har gjennomført på førehand.

Denne veka startar jegerane i Statens naturoppsyn den storstilte jakta, der målet er å utrydde 1500 villrein i Nordfjella innan 1. mai neste år. Bakgrunnen er funn av den dødelege skrantesjuka, ein dyresjukdom som vart påvist for første gong i området våren 2016.

Mobiliserer grunneigarar

Planane om utrydding har provosert miljøaktivisten Kurt Oddekalv i så stor grad at han kjem til Lærdal i løpet av dei to neste vekene. Her skal han samle så mange grunneigarar som mogleg til eit storstilt folkemøte.

– Det er grunneigarane som har retten og som skal bere tapet frå dette idiotvedtaket til Miljødirektoratet og Mattilsynet. Det vil eg diskutere med dei. Grunneigarane kan nekte jegerane å kome inn med helikopter og å køyre inn i området. Grunneigarane har faktisk forvaltningsrett over området dei sjølv eig, seier Oddekalv.

Han varslar at Mattilsynet og Miljødirektoratet må førebu seg på betydeleg motstand dei neste vekene og månadene.

– Flokkar skal jagast over knaus og fjell, det som skjer er ei katastrofe. La naturen ordne opp i dette utan at menneske skal inn med gevær. Det er eit overgrep mot befolkninga i Lærdal. Eg trur vi skal finne ein regel vi klarer å stoppe dei med, seier Oddekalv.

I tillegg til folkemøtet skal det lagast banner med slagord og altså gjennomførast moglege aksjonar.

Forsvarar vedtaket

Miljødirektoratet og Mattilsynet har i fleire månader planlagt den statlege utskytinga av villrein, som skal skje frå neste veke og utover vinteren. Dei er tydelege på at dei har full rett til å gjennomføre aksjonen.

Kjartan Knutsen, seksjonssjef i Statens naturoppsyn

AVVISER LOVBROT: Seksjonssjef i Statens naturoppsyn, Kjartan Knutsen, seier dei har heimel til å ferdast i områda for å skyte ut villrein.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Vi har heimel til å bevege oss i dei områda som er naudsynte for å få gjennomført tiltaket. Medrekna bruk av motoriserte framkomstmidlar, seier seksjonsleiar i Statens naturoppsyn, Kjartan Knutsen.

Han avviser påstanden til Oddekalv om at grunneigarane kan stoppe aksjonen. Både naturmangfaldlova og naturoppsynslova opnar for at denne type tiltak kan gjennomførast, seier Knutsen.

Miljødirektoratet har også teke høgde for moglege aksjonar.

– Dersom vårt arbeid direkte blir hindra, så vil det vere ei sak som vi går til politiet med. Vi har ein dialog med politiet med tanke på at slike ting kan skje.