Hopp til innhold

Mattilsynet vil ikkje friskmelde villreinen på Hardangervidda

Ingen av dei undersøkte dyra på Hardangervidda i haust var smitta av skrantesjuke. Mattilsynet meiner likevel at det framleis er sjuke reinsdyr på vidda.

Villrein i Sysendalen

UNDER PRESS: Villreinbestanden er allereie under press. Bilete viser villrein i Sysendalen i Eidfjord i mars 2022.

Foto: Hardangervidda Villreinutvalg

Det vart felt 416 reinsdyr under villreinjakta på Hardangervidda i år, og ikkje påvist skrantesjuke eller CWD på nokon av dei undersøkte dyra.

Villreinstammene er under press i heile landet, og statsforvaltarar i fleire fylke har fått i oppdrag å lede arbeidet med å betre vilkåra for villreinen i deira område.

Skrantesjuka er ein potensielt stor trugsel for villreinen.

Mattilsynet meiner den mest sannsynlege prosentvise førekomsten av smitta dyr i bestanden er på 0,1 prosent. Det betyr at det kan vere 3–4 smitta reinsdyr på Hardangervidda.

– Men desse utrekningane er usikre og difor kan talet på smitta dyr vere både noko høgare og noko lågare, seier spesialinspektør og veterinær i Mattilsynet André Høva.

Få undersøkte dyr

I år var det berre lov til å skyte vaksen bukk under jakta, og ved jaktstart var det litt over 900 vaksne reinsdyrbukkar på Hardangervidda.

Svein Erik Lund, sekretær i Hardangervidda villreinutval

Sekretær i Hardangervidda villreinutval, Svein Erik Lund.

Foto: Kjell Bitustøyl, Norsk Villreinsenter Sør

Mattilsynet har fått undersøkt 402 prøver for skrantesjuke (CWD).

– Det fortel mest om førekomsten av CWD blant reinsdyrbukkane. For i år var det nesten berre prøver frå vaksen reinsdyrbukk som vart undersøkt, seier Svein Erik Lund som er sekretær for Hardangervidda villreinutval.

Hardangervidda villreinutval har ansvaret for forvalting av villrein på Hardangervidda.

Grunnen til at det ikkje var fellingskvote på simler i år var fordi det er så få av dei. Og dermed var det ein mykje lågare kalvetilvekst enn det bestandsplanen tilseier.

Det vaks opp om lag 1000 kalvar denne vinteren, mens målet for forvaltinga av villreinstammen er 1500 nye kalvar kvart år.

Villreinutvalet meiner bestanden berre er på mellom 3500 og 4000 dyr. Målet for bestandsstørrelse på Hardangervidda har i hovudsak variert mellom 9.000 – 12.000 dyr.

Mattilsynet er redde for spreiing

Det første tilfelle av skrantesjuke på Hardangervidda var i september 2020. Då vart det påvist CWD i ein reinsdyrbukk. Det andre tilfelle var på ei simle i oktober 2022.

Båe reinsdyra blei felt i Vinje kommune, og var cirka 8 år gamle.

Konklusjonen til Mattilsynet er at Hardangervidda er i ein tidleg fase av infeksjonsforløpet for CWD i villreinbestanden. André Høva seier utfordringa er å unngå fleire smitta dyr og meir smitte i miljøet.

Spesialinspektør og veterinær i Mattilsynet, André Høva.

Spesialinspektør og veterinær i Mattilsynet, André Høva.

Foto: Mattilsynet

– Vi vurderer at konsekvensen av ein situasjon med etablert CWD i reinsdyrstamma på Hardangervidda er svært store på grunn av det potensial for spreiing som sjukdommen har på lang sikt, det vil seie i eit 40-års perspektiv.

Han viser til den spreiinga CWD har hatt i USA og Canada frå den første påvisinga på ville hjortedyr i 1981 og fram til i dag.

– Vår vurdering og tilråding er at det er nødvendig med raske og inngripande tiltak på bestandsnivå. Målsetninga er å sikre at vi ikkje får ei etablering og spreiing av sjukdommen i bestandane av ville og tamme hjortedyr i Noreg og Skandinavia.

Høva seier at både villreinstammene, reindrifta og bestandane av elg og hjort vil bli råka hardt dersom sjukdomen får spreie seg.