Hopp til innhold

– Det er storsamfunnet si skuld, og då må storsamfunnet stille opp

Når storflaumen på Vestlandet no har lagt seg, kan mange småkommunar sitje att med store rekningar. KrF vil at staten skal gjere meir for å hjelpe dei.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet

SKADAR: Oktoberflaumen på Vestlandet har ført til skadar på fleire vegar, mellom anna her på fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Foto: Statens vegvesen

– Det er ganske tydeleg at ordningane staten har for å erstatte flaumskadar, ikkje heng med på utviklinga. Klimaendringane gjer at flaumane kjem oftare. Det er storsamfunnet sin skuld, og då må storsamfunnet stille opp for folk som blir råka, seier Tore Storehaug.

Han er stortingsrepresentant for KrF frå Sogn og Fjordane. Fylket har to prosent av innbyggjarane i landet, men står likevel for meir enn 30 prosent av flaum – og rasskadar i Noreg.

I helga råka ein storflaum på ny. Det gav store skadar både på Vestlandet og i Ottadalen i Oppland.

I kommunane Skjåk, Lom, Sel og Vågå er det gjort skadar på ein riksveg og sju fylkesvegar for til saman rundt 14 millionar kroner.

På Vestlandet opplyser Vegvesenet at fylkesvegane 332 Fortunsdalen, 333 Mørkridsdalen og 337 Veitastrondvegen er delvis øydelagde, men dei kan endå ikkje seie noko om kor mykje reparasjonane vil koste.

Ved store skadar er det vanleg at staten stiller opp, men dei nøyer seg ofte med å bidra med rundt halvparten av prisen.

– Dette må det bli slutt på. Vi i KrF vil ha på plass eit fond som skal gå til kommunar og fylke som blir råka av desse naturskadane som no skjer stadig oftare.

– Men folk vel jo sjølve å busetje seg på stader der det går mykje ras og er fare for flaum?

– Det skal vere mogleg å busetje seg og leve gode liv i heile landet vårt. Når vêret forandrar seg og blir meir ekstremt, så må vi vere solidariske og ta belastninga i fellesskap.

Tore Storehaug (KrF)

IKKJE NOK: Tore Storehaug ((KrF) meiner at bidraget frå staten ikkje er høgt nok når kommunar blir råka av flaum.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Må bruke pengane som skal gå til vedlikehald

Forslaget til KrF og Storehaug får full støtte av fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

– Det må kome på plass ei anna ordning for dette, for det blir ikkje færre flaumar i framtida. Det blir fleire, seier Følling.

For vel eit år sidan vart det klart at Sogn og Fjordane fylkeskommune måtte bruke fleire titals millionar av eiga lommeskadane etter storflaumen i Utvik i fjor sommar. Følling fortvilar over at dei allereie er i ein liknande situasjon.

– Pengane som vi må bruke på det går ifrå vedlikehaldsbudsjettet vårt. Flaumane eter opp pengar som vi elles ville ha brukt på å halde vegane i god stand. Vi meiner at det ikkje lenger kan vere slik, seier Følling.

Kommunaldepartementet har ikkje svart på NRK sin førespurnad i denne saka, men har tidlegare uttalt at ordningane for flaumerstatning er gode nok.