Hopp til innhold

Steinblokker knuste fylkesveg - vegen opnar truleg torsdag

Dei massive nedbørsmengdene førte i dag til eit steinras som sperrar vegen inn til bygda Veitastrond i Luster. Dei 100 innbyggjarane vert frakta forbi rasstaden i båt, medan vegen blir rydda opp.

ras ved riksveg 337 til Veitastrond

RAS: Fleire store steinar har gitt vegen hard medfart.

Foto: Oddbjørn Molland

– Raset er om lag 60 meter breitt og det er ganske store steinblokker. Dei største er på om lag 3,5 meter lange og 2 meter brei. Det har også kome ein del småstein, seier Oddbjørn Molland som har vore å sett på raset.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

ras ved riksveg 337 til Veitastrond (3)

STORE BLOKKER: Her er nokre av dei store steinane som ligg i vegen.

Foto: Oddbjørn Molland

Luster kommune har no sett opp ein båt som fraktar innbyggjarane fram og tilbake, forbi rasstaden.

– Det er ingen moglegheiter i det heile teke å kome seg inn med bil, så det er no ein privat båt som fraktar folk, seier Jan Magne Svåi, einingsleiar for eigedom i Luster kommune.

Vegne opnast torsdag

Vegvesenet har i dag spyla raslaupet i fjellsida frå eit helikopter, men må setje i gang med manuell reinsking tysdag og onsdag. Det vil difor ta nokre dagar før vegen blir opna.

– Vegen vil bli opna på torsdag. I mellomtida er det berre å vente. Vi sett liv og helse først, og viss det er i fare er det helikopter som gjeld. Så lenge det er fint flygevêr, så går det bra, seier Svåi.

Det er ingen omkøyringsvegar og einaste alternativ for å kome seg ut frå Veitastrond er no med båt.

– Det bur om lag 100 personar innanfor raset og før båten kom på plass var dei isolerte, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp).

Brukar kano til og frå huset

Bjørn Skovly er ein av dei som bur i Veitastrond. Måndag kveld har vatnet berre gått ned fem centimeter frå då flaumen nådde toppen natt til måndag.

– Vi sitt no på øya, som er det huset vårt er blitt, og brukar kanoen for å kome oss til og frå land, seier Skovly.

Sjølv har han ikkje fått vatn inn i huset, men fire hus i området har fått vatn eit stykke opp i første etasje. Det har blitt ein del skadar.

– Vi bygde ein slags demning, så vi har klart å halde det tørt inne. Men vatnet har grave ut masse under huset, så vi kjenner ei lita bekymring når vi ser at det skal regne meir mot helga att. Det er jo litt tullete forhold no, seier han.

Brukar kano til og frå huset i Veitastrond

FRAMLEIS MYKJE VATN: I Veitastrond brukar dei båt og kano for å kome seg til og frå huset.

Foto: Bjørn K. Skovly

Mjølka kjem seg ikkje ut

Ingen vart skadd av raset, men mjølkebilen som var på Veitastrond står på feil side av raset og kjem seg ikkje ut.

Det er ikkje Tine som har mjølkebilen, men transportsjef i Tine, Tore Henning Naustdal har hatt ruta før. Og det er ikkje mykje an å gjere når ein ikkje kjem fram, enn å tømme ut mjølka.

– Mjølka kan halde seg i maks fire dagar, så dei må nok tømme den ut. Kanskje dei får bruke litt ekstra på kalvane.

Det er fleire mjølkebønder i Veitastrond som er råka. Til saman blir det mykje mjølk.

– Det kan bli opp mot 17 000 liter mjølk på tre dagar der, men det er litt mindre akkurat no. Dei har ikkje starte opp for fullt enno, seier Naustdal.

Ras stenger veg til Veitastrond