Hopp til innhold

– Helikopter er einaste brukande framkomstmiddel her

Flaumstore Mørkridselva har isolert 13 bebuarar i Mørkridsdalen. – Eg har budd her i over 60 år og aldri sett elva som i dag, seier Øyvind Listou.

Øyvind Listou

ISOLERT: Øyvind Listou ser lite til vegen han må køyre når han skal ut Mørkridsdalen til Skjolden.

Foto: Privat

Frå stovevindauget sitt ser Øyvind Listou 2,5 kilometer nedover dalen, men i dag ser han lite til vegen han sjølv nyttar når han skal til Skjolden, eller jordene han køyrer langs med.

Vegen til Mørkrid

VEG: Her går vegen til Mørkrid.

Foto: Privat

– Elva går over alle grøne land og vegar. Den grev seg langt inn på innmarka til bøndene, så det er lite med veg og jord framme i dalen, seier Listou.

Dei to siste døgna har elva vakse frå å vera ei lite haustelv til ei flaumstor elv. Halvard Johan Bolstad fryktar huset hans skal bli tatt av elva.

Halvard Johan Bolstad, Mørkridsdalen. Fryktar huset skal bli tatt av elva

REDD FOR HUSET SITT: Halvard Johan Bolstad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Huset mitt står i fare, men det kan fort gå eit par til om elva vert endå større. Lengre ned i elva stod det eit pumphus, men det er no vekke.

Elva er også i ferd med å ta med seg ein fritidsbustad som står der.

– Her som vi står har elva tatt med seg 20-30 meter av eit beite og ein granskog som stod her, seier Bolstad.

Se de siste bildene fra Luster i Sogn- og Fjordane der vannmassene omringer hus, og der folk blir evakuert.

Kom midt i det i natt

Kombinasjon av store nedbørsmengder og snøsmelting gjennom helga har ført til flaumstore elvar fleire stader i Sør-Noreg. Mellom anna i Mørkridsdalen og Fortunsdalen i Luster.

13 geiter står innesperra i fjøset på garden Bjørkjaug inst i Fortunsdalen i Luster i Sogn og Fjordane.

REDNINGSAKSJON: 13 geiter står innesperra i fjøset på garden Bjørkhaug inst i Fortunsdalen i Luster i Sogn og Fjordane.

I alt er kring 30 personar isolserte i dei to dalane. Fleire er evakuerte og sju hus står i fare for å bli tekne av Mørkridselva.

– Eg kom midt opp i det i halv eitt-tida i natt. Eg køyrde fram att Skjolden og kom meg så vidt heim att. I halv tre-tida høyrde eg fortunsdølene hadde rømt frå garden der sonen vår heldt hus, og då var elva vakse svært mykje her i Mørkridsdalen også, fortel Listou.

Sju hus står i fare

Lusterordførar Ivar Kvalen (Sp) fortel om ein dramatisk situasjon i dei to dalane. Då NRK snakka med han, var han i Mørkridsdalen.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

DRAMATISK: Ordførar Ivar Kvalen seier situasjonen er dramatisk både i Mørkridsdalen og Fortunsdalen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Elva er i ferd med å ta nytt løp. Den har gravd kring 20 meter ut i sida, så fleire hus står i fare for å bli tekne. Fylkesvegen er i ferd med å bli utgravd og framme i Mørkridsdalen er det store skader på dyrka mark og vegsystemet, seier Kvalen.

– Vi har sendt evakueringsvarsel til tre familiar, i tillegg kan tre-fire feriehus vere i fare, legg han til.

Aldri sett elva slik

Elva i Mørkridsdalen er stor
Foto: Privat

Listou har budd i dalen i over 60 år, men aldri sett elva så stor som i dag. Elva trekte seg på eit tidspunkt tilbake søndag føremiddag, men byrja å vekse att.

Regiondirektør i NVE, Brigt Samdal, seier situasjonen førebels er uavklara ettersom det er meir nedbør på veg.

– Men så er også temperaturen venta å gå ned, seier han og legg til at det også blir meldt om veksande vasstand i vassdrag i Årdal og Aurland.

– Elva går overalt

Store skader i Mørkridsdalen

HERJAR: Flaumstore Mørkridselva herjar med det som måtte stå i vegen.

Foto: Privat

I tillegg til vegar og jorde, har bønder mista rundballar i hopetal.

– Elva går overalt no, men så lenge vi held oss friske, har straum og telefon, så skal vi nok stå flaumen av. Det vil nok gå ein dag eller to før vegen opnar att, men kommunen har lagt oss inn i beredskapsplanen og vil hjelpe oss med alternativ transport, seier Listou.

Flom på Innlandet og Vestlandet