Hopp til innhold

– Det er framleis for mange som døyr i trafikken

Stadig færre menneske mistar livet i trafikken på norske vegar. På landsbasis er talet til no i år 104 døde. Fire av dei har mista livet i Sogn og Fjordane.

Audun Heggestad

GODE HALDNINGAR: Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane trur gode haldningar hos folk gjer at trafikkbiletet blir tryggare. – At vi brukar vegane på ein god måte, avpassar farten etter forholda, køyrer rusfritt og bruker tryggleiksutstyr som bilbelte og sykkelhjelm er noko av det viktigaste framover, seier han.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Utviklinga er positiv, men over 100 omkomne er likevel over 100 for mange, seier fylkesleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

I fjor miste 135 personar livet i trafikken. I går kveld var det registrert 104 døde etter trafikkulukker til no i 2017. Det er det lågaste dødstalet i trafikken sidan like etter krigen, trass i at trafikken har mangedobla seg sidan den gong. Forklaringa:

– Betre vegar, betre bilar og betre og meir fornuftige trafikantar, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

To syklistar miste livet

Like før nyttår viser oversikta i Sogn og Fjordane at fire personar har mista livet i trafikken. I mars miste ein eldre mann livet etter at ein bil og ein syklist støytte saman i Raubergtunnelen i Lærdal. I april døydde ein eldre mann etter at han vart kritisk skadd i ei møteulukke på riksveg 5.

I starten av juli miste ei kvinne i 50-åra livet i ei trafikkulukke i Lærdalstunnelen på E16. Veker seinare døydde ein mann i 40-åra etter at han sykla inn i ein bossbil på riksveg 15 i Stryn.

Ifølgje Trygg Trafikk er det i snitt ti personar som mistar livet på sykkel på landsbasis årleg. At det i år har skjedd to dødsulukker med syklistar i Sogn og Fjordane meiner Heggestad er tilfeldig.

– Samtidig veit vi at vi kjem til å sykle meir i framtida, så dette er noko vi må vere merksame på for å unngå at talet sykkelulukker aukar.

Statens Havarikommisjon har i år for første gong granska ei sykkelulukke. Det skjedde etter ei dødsulykke i Raunekleivtunnelen i Samnanger i Hordaland i sommar.

Fleire hardt skadde

Medan langt færre mistar livet i trafikken enn før, er utviklinga ikkje like god når det gjeld hardt skadde. Moe Gustavsen seier det er eit faktum at nokon av dei som tidlegare hadde døydd i ulukker, klarer helsevesenet i dag å redde livet til.

I Sogn og Fjordane er tala positive, med 11 hardt skadde personar til og med november månad. I fjor var talet hardt skadde 17 personar, seier Heggestad.

Har trua på at dødstala kan gå ytterlegare ned

Terje Moe Gustavsen

OPPFØRER SEG BETRE: Trafikantane oppfører seg betre i trafikken enn før, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Foto: Astri Husø/NRK

Vegvesenet jobbar framleis hardt for å oppnå den såkalla nullvisjonen, eit mål om at det ikkje skal vere ulukker med drepne eller hardt skadde. Berre sidan 2010 er talet omkomne i trafikken meir enn halvert.

Det gjer at vegdirektøren har trua på at det er mogleg å få tala ytterlegare ned.

– Det er fullt mogleg å kome seg vidare, sjølv om det naturleg nok er slik at det krevst endå meir innsats for å berge dei neste 100 personane.