Hopp til innhold

Kvinne omkom då bil gjekk rundt på Osterøy

To 18 år gamle kvinner sat i bilen som laurdag kveld gjekk rundt og hamna på taket på Osterøy ved Bergen. Den eine kvinna omkom, den andre ligg på Haukeland sjukehus.

Naudetatane rykka ut til trafikkulykka rett etter klokka 20 til Valestrandsvegen på Osterøy. Det var to kvinner i bilen, og den eine vart erklært død på staden. Den andre vart frakta til Haukeland sjukehus i sjukebil. Fylkesveg 567 er stengd på ubestemt tid.

Bilen hamna på taket, ifølgje 110-sentralen. Dei skreiv på Twitter at det skal vere lekkasje og store skadar på bilen. Jan Ove Haga ved 110-sentralen stadfestar overfor NRK at det var ei dramatisk ulykke.

– Vi fekk melding om ulykka klokka 20.15. Det vart meldt om ein bil som låg på taket. Og at ein person hadde kome seg ut av bilen. Brannvesenet rykte frå Osterøy med to brannbilar. Dei hjelpte til med å få den andre personen ut av bilen.

Luftambulansen vart også tilkalla. Brannvesenet er framleis på staden og hjelper til med oppryddingsarbeid.

Undersøkingar utover natta

Politiet stadfestar at dei pårørande er varsla om ulykka og dødsfallet.

I ei pressemelding skriv operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt at kriminalteknikarar frå politiet har kome til ulykkesstaden, der dei skal gjere vidare undersøkingar saman med ulykkesgruppa til Statens vegvesen.

Kommunen med kriseteam og politiet har etablert seg på Valestrand skule for dei som treng oppfølging og/eller informasjon.

Melde seier at det ikkje vil kome fleire opplysningar om ulykka frå operasjonssentralen i natt.